torsdag, april 02, 2020

Bok nr. 18 - 2020: Mors og fars historie

Denne boka har eg lese ein gong før, for nokre år sidan, men eg har ofte tenkt at eg ville lese den om att. I går fann eg den på Storytel og begynte å høyre den på føremiddagen, og las siste slutt på senga i går kveld.
Når ein les om att ei bok ein har likt godt, kan ein bli skuffa. Det vart eg ikkje denne gongen. Boka er veldig fin, og knapt nokon annan er så god å høyre på lydbok som Edvard Hoem. Viss det finst nokon som ikkje har lese denne boka, så har dei noko å sjå fram til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...