onsdag, april 01, 2020

Dagbok 2020: 1.april


Raudehytta


Klokka er no 18.50, temperaturen er +3  grader C. Det regnar for det meste. Eg har nettopp vore ute og gått tur, eg var litt sein å komme meg av stad, så no får eg ikkje tid å skrive blogg før nyheitene kl.19.00. Dei må eg ha med med.
Har litt problem med sommartida enno. Eg plar prøve å komme i seng før klokka 1, men etter at vi stilte klokka strevar eg med å legge meg før klokka 2. Eg har ikkje mykje å stå opp etter, ingen ting eg skal vere med på eller gjere, så eg føler det er søndag kvar dag, og aktiviteten blir deretter. Mykje hadde vore annleis om det var godt vêr -her er nok å gjere i hagen.
No er klokka 20.12 og eg har høyrt Corona-nytt. Det er grunn til ein viss optimisme i vårt land, men fryktelige scenario frå utlanda. I dag døde den først corona-pasienten i vårt fylke, og eg trur nok vi må vere forsiktige enno ei tid. Eg held meg i karantene i alle fall, tek ingen sjansar. Å vere i karantene, det fiksar eg bra, men det hadde vore mykje betre om det var godt vêr.
Nok om det. I dag har eg vore ekstremt lat. På føremiddagen sat eg og strikka mens eg høyrde bok, men først var eg innpå Facebook og sjekka den nye spanskleksa. Eli gir oss litt å tygge på- og det er bra.
Eg var så skuffa over den maten eg serverte til middag i går at i dag laga eg noko som eg likte. Pasta carbonara, med saus frå Knorr, og bacon. Laga så mykje at eg har i morgon også.
Sidan eg har vore så lat, ville eg gå ein tur ut, men kom meg ikkje av garde før klokka var over 17.30. Eg gjekk inn i Fonnavegen og begynte å gå opp skogsvegen. Den tida Nils og eg gjekk mykje på skogsvegane, gav vi vegane namn, slik at viss eg gjekk åleine og skada meg t.d. skulle det vere lett å finne meg når eg sa namnet på vegen. I dag gjekk eg først ei stund oppover før eg dreia mot vest og gjekk utover "Raudhyttevegen". Denne runda gjekk eg ofte før-ut den vegen og ned att Åsmundmarka. I dag gjekk eg ikkje heilt ut, for der var mykje snø i vegen, noko som kan vere litt utfordrande når "vegen" i stor grad består av tuer og steinar. Eg tek ingen sjansar. Det regna og det var litt ufyselig men friskt og godt å komme ut.Eg skulle ta bilde, men mobilen var tom for straum, men sidan eg også hadde med Doroen fekk eg tatt litt bilde med den.
Rett før eg snudde.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...