lørdag, februar 01, 2020

Dagbok 2020: 1.februar





Klokka er no 18.20,temperaturen så vidt over 0. Eg var nettopp ut på trappa og tok dette bildet. Det har snødd ein del i dag, men snøen har smelta fort.


Denne dagen har gått heilt opp i berre tull for meg. Etter frokosten tok eg ei runde på FB før eg greidde å mekke ein liten spansk tekst. For sikkerheits skuld sjekkar eg med Google translate, men eg greier ein del åleine no. Dette synest eg er berre kjekt.
Marit og eg hadde tenkt oss til Vik i dag; eg skulle handle litt og så skulle vi gå på kafé. Derfor kledde eg meg om tidleg på dag. Men etter kvart vart vêret så guffent at Marit hadde ikkje lyst nedover. Derfor køyrde eg berre ned på Kiwi og handla det eg trong.
Eg skulle inn på FB då eg kom heim, men der vart det berre tull, maskina nekta å godkjenne passordet, så til slutt måtte eg få ei ny side. Dette har skjedd før, derfor har eg fleire FB-sider, og det var ei av dei eg hadde prøvd å logge meg inn på. Etter ei stund greidde eg å komme inn på rette sida igjen. Den som heiter  "Olaug Marie Strøm Trovåg". Men eg kasta vekk mykje tid.
Då måtte eg ha litt mat og etterpå sette eg meg til å lese i boka mi. Etter ei lita stund ringde det på, og då kom Helge. Eg hadde skrive ei melding til han om at datamaskinene ikkje virka skikkeleg i kjellaren. Han hadde undersøkt på Tussa, og no skal han kjøpe ein forsterkar til meg og sette opp der nede. Leigebuarane gjer "lekser" på data, så dei er heilt avhengige av å ha skikkelig tilgang. Og eg leiger no ut med "breiband" ,så eg MÅ ha det. Dei er vekke no i helga, men kjem att måndag eller tysdag. Etter at Helge hadde gått, sette eg meg til med boka att, men då var eg så trøtt at eg sovna litt.
Og no er det snart TV resten av kvelden, kanskje med litt spøt attåt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...