søndag, februar 02, 2020

Dagbok 2020: 2.februar ( 02 02 2020)




 No er klokka 22.35, temperaturen ute er 0 grader, det har vel ikkje vore så mykje nedbør i dag, men snøen ligg på marka og delvis på vegen. Det vart seint før eg fekk tid å skrive på bloggen i kveld, for det var så mykje eg skulle sjå på TV. Denne dagen gjekk altfor fort, slik ale dagar gjer. Eg kjem aldri i mål med alt eg har tenkt.
På føremiddagen rydda eg litt, så vart det litt spansk og diverse anna å studere på. Sende ei melding til Marit at ho måtte komme ned, for vi vart ikkje ferdige med noko vi studerte ein annan dag. Eg laga verdens minste vaffelrøre, for eg er ikkje interessert i å ete gamle vaflar i dagesvis.  For å greie det måtte eg ta ei LITA skål elles blir det for mykje. I dag vart det nesten lite nok.
Fekk ein presang med Marit i dag, veit ikkje kvifor eg skall ha gåve, men det var ei fin bok med oppskrifter på strikka lestar.
Etter at Marit hadde gått opp att og eg hadde rydda litt, tok eg fram krimromanen min, og las heit til eg skulle sjå nyheitene klokka 19. Eg har lese over 300 sider no,  boka har over 400 sider, men den er god. Eg strikka litt mens eg såg TV, det går bra så lenge det er rundt og rundt. I morgon skal eg ikkje ut på noko, så då får eg prøve å få gjort litt her heime. Eg har ein del kontorarbeid no fram til årsmøtet i pensjonistlaget neste veke. Det som skal i avisa må no sendast på onsdag viss det skal inn i fredagsavisa. Eg synest kvar dag at eg får gjort for lite. Eg er visst ikkje så effektiv som før-det er eg langt ifrå.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...