onsdag, februar 20, 2019

Dagbok 2019: 20.februar



Klokka er no 20.40, temperaturen er +3 grader. Det var rimeleg bra vêr først på dagen, litt vått seinare.
Dette har vore ein veldig aktiv dag for meg - det skal ikkje så veldig mykje til. Eg vakna tidleg og fekk styrt litt både med meg sjølv og huset før eg vart henta av ei "spansk-kollega" vel halv elleve. Fekk tid å stikke innom legesenteret og hente epikrisene frå røntgen og CT før franskkurset. No forstod eg ikkje allverda av av det som stod på arka, men skjøna såpass at dei hadde funne litt av kvart inni knea mine- og det forundrar meg ikkje.
På spanskkurset har vi det kjekt, vi lærer no litt av kvart, men kor lenge det sit er ei anna sak. Vi er samde om at viss vi hadde vore så iherdige då vi var unge, så...……… Vi ler og kosar oss, og så har vi lang pause mellom dei to timane. Då er vi i kafeen og et og pratar. Det sosiale er viktig for oss pensjonistar, vi har blitt ein fin gjeng etter fire treff.
Då eg kom heim hadde eg litt av kvart å styre med. Hente post, betale rekningar, skrive eit lite avisinnlegg  etc. Og så fekk eg melding om at Svein N. var sjuk og ikkje kunne vere med på musikal. Eg averterte billetten som vart til overs på FB og fekk Solveig til å bite på. Ho kunne komme på kort varsel.
Det varde ikkje så lenge før Margrete, Eirik , Ingeborg og Erlend kom for å hente meg. Margrete hadde kjøpt meir garn, så no får eg snart nytt strikketøy, men må legge siste hand på Margrete sin genser først.

                              Opningsnummeret. Isfjella smeltar. Amanda sit på golvet og syng.


Og så vart det MUSIKAL. Denne musikalen var annleis enn dei VVS har produsert før. Her var lite "prat" -heile handlinga vart fortalt gjennom song , musikk og dans. Og for meg verka heilt proft. "Den beste musikalen ever", skreiv Arne Ola og det er eg samd i. Amanda hadde det første solonummeret, elles var ho i ei gruppe og så fekk ho den tvilsame æra å spele "fru Donald Trump". Bildet er frå gruppa; som fru Trump hadde ho raud kåpe. Dei skulle ha ei framvising til i kveld. Premieren var i går. Før har dei bygt musikalane over ein film eller liknande, i år var det TEMA. Og temaet var klimakrise og jordas undergang. Men i andre delen  som heiter VON får vi sjå korleis livet kjem tilbake. Mange flotte kostymar var det også. Det kjem sikkert mykje om det i Møre Nytt i morgon. Solistane blir vel dei som får mest merksemd, men eg måtte beundre kora som stod mykje rett opp og ned veldig lenge. På andre delen var Amanda i koret. For oss i familien var det viktig at Amanda greidde seg bra, og det gjorde ho. Takk for ei fin oppleving.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...