tirsdag, februar 19, 2019

Dagbok 2019: 19.februar

I ringen veks det rabarbra, og i dag såg eg ein liten topp.

Klokka er 19.45, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Snøen smeltar litt kvar dag, men her er ein del att.
Dette har vore ein underleg dag på mange måtar, eg har ikkje gjort så mykje, men dagen fór fort.
Siste veka har eg stort sett sete pal og strikka-når eg ikkje har gjor noko anna. I går kveld strikka eg heilt til eg skulle legge meg - for å ta opp att tråden på føremiddagen i dag. Genseren var så å seie ferdig, då eg vart lens for garn. Ja, eg var budd på det, og derfor strikka eg alt eg kunne tidleg på dag, så Margrete kunne få melding om kva garn ho skulle kjøpe før ho kjem hit i morgon. Mens eg sat og strikka kom naboen på besøk, så det vart ein hyggeleg strikkeprat.
Det er ein stor , tung islandsgenser som no er ferdig, og Margrete skal ha den når ho reiser til Island til sommaren. No har vi tenkt ut at eg kan strikke ein til Erlend også, med eit anna mønster.Eg har no slikt å gjere, særleg før hagearbeid er aktuelt.
Elles snakka eg litt med naboen som var attkomen frå GC ; ho dreiv og heiv rundt på snø for å få smeltinga i gang. Eg har to store dungar med snø som eg har mòka frå altanen, eg spreidde dei litt utover og då såg eg at løkplantane spira i bedda. Så det er håp.
Eg er rimeleg bra i knea no og greier å gå med forsiktigheit. Eg har ikkje fått brev frå sjukehuset, men i dag ringde eg legesenteret for å høyre om dei hadde fått tilbakemelding. Det hadde dei. Men ho eg snakka med hadde ikkje kunnskapar til å tolke brevet, det var viss mest på latin. Det einaste eg forsto var ARTROSE, som eg hadde ein sterk mistanke om at det var, elles var det snakk om utgliding....et. etc. Eg skal gå innom legesenteret i morgon og få ein skriftleg versjon, då skal eg på spanskkurs på Bakk-Ola, og det er like ved sidan av. Legen min er hofteoperert, men kjem att på jobb i april, så eg trur ikkje eg treng lege før den tid. Viss det hadde vore akutt fare, så hadde vel einkvan tatt grep.
Elles har eg stua vekk julepynten i dag og vaska klede.
I 16-tida kom eg på at eg kanskje skulle ha litt mat, og laga meg eit betre måltid. Så kveikte eg opp i omnen og fekk det varmt og godt. Etterpå sette eg meg i godstolen og såg fleire episodar av "Kjendisfarmen", som eg hadde tatt opp. Då sovna eg. Ja, når ein ikkje søv om natta, får ein sove litt om dagen. Det er sjeldan eg ser TV utan å strikke langsmed, så eg får finne fram nokre lestebrot eg har liggande i kveld.
I morgon får eg ein "travel dag". Eg skal først på spanskkurs klokka 11, og klokka 17.30 skal eg på Musikal i lag med Margrete og barna. Eg synest eg får vere med på mykje kjekt. I dag har eg lata meg, så eg er kvild til morgondagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...