tirsdag, august 07, 2018

Dagbok 2018: 7.august

Eg har tre sortar klematis. Den mørkt lillablå har eg hatt lenge og delt den opp, så no har eg tre av den sorten. Den som ser kvit ut på bildet er eigentleg i to rosa nyansar. Har også ein lavendelblå, men han har ikkje vist seg enno.

Klokka er 18.00, temperaturen er + 24 grader og sola skin. Det er så fint som det kan bli ute akkurat no. Tidlegare i dag kom det nokre få regndropar, men ikkje så mykje at det gjorde noko. 
I dag kan eg ikkje skryte av alt eg har gjort, for det er sant å seie ikkje mykje å skryte av. For det første vart eg liggande meir og mindre vaken i heile natt, men i tillegg til å vere trøtt, var eg kvalm og uvel på føremiddagen, særleg. Eg mistenker at det har med dei betennelseshemmande tablettane å gjere, fekk ein ny sort sist eg kjøpte. Og så kan det hende eg har tatt tablettane lenge nok. Legen sa at eg kunne ta dei så lenge eg ikkje vart dårleg i magen, og det har eg ikkje vore. Har merka litt andre dagar også, så eg lurer på om det er betre å ta dei om kvelden. 
I dag måtte eg på apoteket og få tak i sovetablettar, og eg spurde Solveig nabo om ho skulle nedover, og det skulle ho. Ho hadde to barnebarn med seg, så vi var fullasta. Eg fekk tablettane og så kjøpte eg litt mat. Eg var så svimete då eg gjekk inne på Amfi at eg var redd eg skulle svime av, men så gale vart det ikkje. Eg gjekk ut og sat på ein benk og venta litt
Elles sat eg og gjorde ferdig eit reste-leste-par før vi for nedover, mens eg høyrde lydbok. No er eg snart ferdig med boka, heldigvis. 
Då vi kom heim åt eg litt og så gjekk eg ut og klipte plenen opp mot vegen, så no er eg komen rundt-og kan ta ei veke fri-frå klippinga.
Har ikkje vore så arbeidsam i dag, men prøvde å få vekk litt av gras og andre grøne vekstar som veks i singelen. Kvar sommar driv eg også og ber opp att singel som har sige nedover mot kjellardøra til dømes. Singel ligg ikkje i ro! Ein skulle like godt ha asfaltert først best, sjølv om eg ikkje er så begeistra for asfalt. Etter som åra går får ein meir og meir erfaring, då veit ein kva ein skulle ha gjort-eigentleg. Men det er for seint !
Torsdag skal Margrete og eg ein tur til Eid om alt går etter planen. Det er tre år, minst, sidan eg var der. Då skal eg ta buss til Volda og så møter Margrete meg på Folkestad. Det er litt logistikk berre ein skal ein liten tur når ein ikkje køyrer sjølv.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...