tirsdag, juli 31, 2018
Dagbok 2018: 31.juli
Klokka er 18.20, temperaturen er + 20 grader C og vi fekk endeleg regn. Det var behov for vatning, men håper å sjå sla att SNART ! Eg har mykje eg kan gjere inne, men likar meg best ute.
I dag er vi komne til siste dagen i jule, og det er alltid litt vemodig, heldigvis slepp eg å begynne på jobb igjen, som så mange andre.
Sist natt sov eg godt å lenge, slik ein ofte gjer etter fysisk arbeid, og i går var eg skikkeleg sliten. I dag hadde eg planar om brødbakst, og så skin sola som aldri før. Sette no i gang med baksten likevel sidan eg skulle bruke opp "gammal" melk. Det vart seks gode, grove brød. Berre dei no ikkje smuldrar opp, slik brøda gjorde sist eg bakte og hadde for mykje grovt i. Sidan eg sjeldan lagar vanleg middag blir det ganske mykje brød som går med, men når eg snart skal ta opp potetene mine, må eg vel venje meg til å ete poteter igjen.....?
Var ute og vatna litt med slangen sjølv om eg trudde regnet kom. Prata litt med ein nabo, fleire har eg ikkje sett i dag.
Seinare var eg ute og rydda under dei to bærbuskane mine, tok vekk plengras som eg hadde lagt bortunder og la på fin fersk kjøpemold, ein prydbusk fekk også litt svart jord på føtene. Det såg fint ut. Stikkelsbæra held på å modne så no har eg dei å ete på. Ev. plukke. Eg finn alltid noko å styre med ute.Og eg planlegg stadig nye prosjekt.
Då eg kom inn att la eg meg på senga her på "datarommet" med ei lydbok som ikkje fenger i det heile tatt, og dei andre får eg ikkje til å rippe. Må visst lese litt på papir i staden.
Strikka ferdig eit lestepar i går kveld, så eg kan ev. begynne på eit par til. Garn har eg, men eg strikkar berre når eg ser TV.
Dette vart mykje prat om ingen ting, men det er ikkje alle dagar det skjer så mykje. I går kveld fekk eg besøk av Birte og Håkon etter at eg hadde skrive blogg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar