søndag, august 13, 2017

Dagbok 2017: 13.august

Klokka er20.20, temperaturen er + 12 grader C og sola skin. Det gjorde ho ikkje tidlegare i dag, det har regna det meste av dagen, og somme tider har det bøtta ned. Men når kvelden kjem, skin sola. Dette er blitt ein vane. Det vart så fint at eg måtte ut og ta nokre bilde. Men eg kjende at det var kaldare enn det har vore siste tida.
I dag sov vi godt og lenge; det var første helga utan vekkerklokke sidan april månad. Nils var i brukbar form, og han synest å merke litt betring i den vonde foten. Elles er stoda som før, og så lenge han er såpass frisk er vi fornøgde.
Sidan eg ikkje skulle jobbe ute i dag, tok eg og baka brød før middag, sette to deigar og laga til saman 6 brød. Det skulle halde ei stund. Det vart litt logistikk på kjøkkenet, for eg laga svinekotelettar som eg skulle steike ferdig i steikomnen. Ut med brød-inn med kjøt og v.v. Eg rota og styrte såpass at eg måtte vaske opp med hand i tillegg til ei full maskin. Etter at vi hadde ete blei det pause til HBO-en hadde vore her. Då vart det kaffi og is.
Nils skulle sjå fotball på TV, så eg sette meg inn til datamaskina og høyrde lydbok, mens eg festa trådar på tre par lester og la opp nytt "spøt". Solveig kjøper garn til meg, og får det att i form av lester. Eg held meg til enkelt handarbeid, for eg kan sjeldan sitte i ro lenge om gongen, og viss ei strikkar meir avanserte ting, må ein ha lengre stunder.
Var ute og kika litt i hagen, og ser at det er to ting som trivst godt i år, det er gras og ugras. Det er ikkje mange dagar sidan eg reinska i garasjebedet, men no var der fullt av vassarv, Rosene likar ikkje regn, men dei blomstrar i alle fall.


Og då er plommetreet borte og hola er fylt med mold og sådd til med grasfrø. Eg har lagt ein planke over så ikkje kattane skal grave der med det første.



Eg rydda pent opp i går kveld etter at Solveig og Øystein hadde fare heim, så det som no står att er å kløyve opp kubbane til ved. Vi har heldigvis ein god vedkløyvar som eg er vand til å bruke, men det blir nok ikkje i morgon for då skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Møtet tek til klokka 12.00 og varer vel ein time eller noko slikt. Viss nokon vil besøke Nils mens eg er vekke, er det berre å ringe på og gå rett inn. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...