søndag, juli 02, 2017

Dabbok 2017: 2.juli


Klokka er 19.10, temperaturen er + 14 grader C og det regnar. Blir litt "tung" i tungt vêr, men vi har det relativt bra, som vanleg. Nils plagast med ein fot, men er elles bra.
Her i huset er det liten skilnad på helg og yrkedagar; vi står opp til samme tid og HBO-ane kjem til samme tid osb. Ikkje pyntar vi oss heller.
Før middag var eg ute og hausta inn dei stakkars rabarbrastilkane våre, trur dei må få litt betre jord, for dei veks dårleg. Så snauklipte eg grasløken, klipte den opp og fraus. Så har vi heile året.
Til middag steikte eg noko svinekjøt som eg hadde raska med meg på ein handletur. Eg må passe på at maten ikkje blir liggande for lenge i frysaren. Vi hadde akkurat ete middag og drukke kaffi då Audun om.
Eg hadde tenkt å steike vaflar eller lage noko anna godt, men han kom før eg venta, så han fekk ikkje så flott oppdekking. Det var ikkje hans skuld, for han hadde skrive til meg på Messenger. Det plar vere trygt, for eg er ofte innom der, men ikkje i dag.
Det var kjekt å få besøk frå den store verda, og han hadde med seg Laptop med bilde frå den harde styrkeprøven han hadde vore med på.
Etter at han hadde reist strikka eg ferdig ein lest, festa trådar på tre par lestar mens eg las ferdig boka mi. Det er slikt eg gjer mens Nils ser fotballkamp på TV.
Rasmus & Co;  er komne vel fram til Tyrkia, og  Solveig og Øystein har mellomlanda i Skottland, dei er i Aberdeen. Solveig har fødselsdag i morgon-det er sjeldan ho feirer dagen sin heime.
I morgon startar vi på ei ny veke, og vi legg ingen planar, vi må ta dagane som dei kjem.
Bildet er frå vandringa mi i går. Eg har alltid beundra denne klatreplanten som består av blad i tre fargar, men ikkje blomster. Er det nokon som veit kva den heiter?

Ingen kommentarer: