fredag, mai 05, 2017

Dagbok 2017: 5.mai


Klokka er 18.30, temperaturen + 18 grader, før i dag var den oppe på + 21 grader. Det har vore ein fantastisk flott dag. Og eg skal innrømme at eg vart nokså lat i finevêret. Arbeid får ein ta att når det skyar over.
Etter at vi var ferdige med morgonstellet og HBO 1 hadde vore her, fekk eg vere med naboane ned på Amfi og handle, måtte innom apoteket, og så kjøpte eg maten på Bunnpris. Fekk god hjelp av Solveig og Gudmund i dag. Til førre helga handla eg ingen ting, for eg ville ete tomt. Det greidde eg/vi til ein viss grad, så i dag fekk eg vaska og rydda i kjøleskapet før det vart fylt opp igjen.
Nils fekk lyst på blomkålsuppe då han såg at eg hadde kjøpt blomkål, så det vart lunsjen i dag.
Etter lunsj la eg meg ut på altanen og høyrde lydbok. Det KAN hende eg sovna litt, for eg var ikkje heilt klar då mobilen ringde og eg la den til øyret utanpå lydbokledninga. Eg forstod ikkje bæra av det vedkomande sa før eg fekk ruska ut pluggen. Og til alt overmål var det legen på Ørstaheimen som ville høyre korleis det gjekk. Eg fekk no forklart henne korfor eg var så "uklar" og resten av samtalen vart grei. Nils får ha rommet ståande til mandag. Viss han framleis kan vere heime, tek dei rommet i bruk, men han er sikra plass når det blir nødvendig.
Klokka 16.00 kom HBO 2, ho var utlending, men vi greier å forstå kvarandre. Eg trur det er mange austeuropearar i helsevesenet, og dei er flinke.
Nils la seg ut på altanen ei stund, då det ikkje var så varmt lenger. Vi ser nesten kor graset gror og lauvet sprett. Og Nils følgjer med på fuglelivet. Han har hatt ein god dag i dag også.
Solveig og Øystein, Margrete og dei to yngste barna er på veg til Kongsberg og Eivind sin konfirmasjon som er i morgon.
Eg måtte skrive blogg tidleg i kveld, for spenninga er stor i Volda-Ørsta i kveld når to voldingar er med i semifinalen til Norske talenter. Louise har vore i pensjonistlaget og sunge to gonger, dessutan går ho i klassen til Amanda, og Bendik spelar i eit lokalt band, blant anna. Vi heiar på begge, men det skal vel noko til at begge går vidare. Så i kveld blir det å sjå på TV 2 og ta opp på NRK i staden for omvendt.
Kanskje rekk eg å ta inn klesvasken og legge i hop kleda først?
I alle fall ønsker eg alle ei god helg. I morgon får vi besøk av Einar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...