mandag, mai 01, 2017

Dagbok 2017: 1.mai

Olaug Marie Trovåg sitt bilete.

Klokka er 23, temperaturen er + 5 grader og vi har hatt ein strålande dag utan ei sky på himmelen.
Eg kom nettopp inn døra, og først av alt måtte eg ta inn flagget. På heimvegen kom eg på at eg hadde gløymt det då eg var heime ein tur i 19-tida. Det var ganske flaut.
I dag vart føremiddagen kort. Eg låg ganske lenge, for eg la meg til å lese etter at eg var vaken.
Så hadde eg ei viktig oppgåve, det var å lese av begge straum-målarane, noko som i alle år har vore Nils sin "jobb". Og ei stund prata eg med naboane mine og så - var eg så dristig at eg la meg ut på solsenga for å nyte sola og finevêret- for første gong i år. Då fekk eg lese ferdig boka mi også.
Klokka var vel 15.00 då eg tok turen til Ørstaheimen. Eg fann ikkje Nils på rommet hans, han hadde sett seg ut i lag med dei andre for å feire dagen, med lefse, søst og kaffi.
Då eg kom vart vi vist ut i ei fin stue med store vindu, der vi fekk sette opp altandøra og få inn frisk luft. Men det varde ikkje lenge før der kom ei rullatordame som ikkje tolte "gjennomtrekk". Det var mange som hadde døydd av det. Så snart vi var ferdige med kaffien gjekk vi inn på rommet, så Nils fekk legge seg ned på senga og kvile, det er travelt for han å gå rundt med rullator, men han klarer det.
I dag tidleg var han sveitt og sjabby, som vanleg, men når han fekk vaska og stelt seg og fått medisinar, gjekk det betre. Då åt han også. Og så ringde han heim til meg og sa at han var i fin form. Han veit at eg blir glad for det.
Margrete og dei tre heimeverande borna kom bortom ein tur etter at dei hadde vore på 1.maiarrangement i Volda. Då Solveig og Øystein kom litt seinare gjekk dei. Solveig og eg var heimom hit ein tur mens Øystein og Nils såg fotball på TV.
Dei vart ikkje så lenge dei heller, dei såg vel at Nils var litt sliten, og så har dei andre gjeremål. Eg sat stille med lydboka mi mens Nils såg ferdig fotballkampen. Så såg vi litt TV i lag før vi tok kveldsstellet. Han likar at eg er der når han skal legge seg. I kveld var han trøytt, så eg håper han får ei god natt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...