lørdag, mars 04, 2017

Dagbok 2017: 4.mars

Rasmus Trovåg sitt bilete.
Gratulerer med dagen, Ingar!

Klokka er 18.35, temperaturen så vidt under 0 grader C og det har vore enda ein nydeleg dag med sol frå klår himmel. Eg kom nettopp att etter å ha vore det meste av dagen på Ørstaheimen. Eg gjekk heim i dag også, i håp om at hofta skal betre seg.
Sidan eg ikkje har vore heime har eg ikkje fått gratulert barnebarnet med 7-årsdagen i dag. Ingar er den yngste av dei 11 barnebarna våre-den eldste blir 30 år til sommaren, så det er stor spreiing i alder.
Det er litt trist at Kongsberg skal vere så langt borte for oss, men heldigvis har ein både telefon og data slik at ein har ei viss kontakt.
I dag var eg dagvill igjen-for meg var det søndag! Derfor sette eg i gang med å vaske kjøkken og bad før middag. Etterpå hengde eg opp klesvask ute-det er lenge sidan sist eg gjorde det.
Då ringde Øystein frå flyplassen, han hadde skyssa Olaug på flyet til Bergen. Han spurde om han skulle komme og skysse meg ut på Ørstaheimen.  Eit slikt tilbod let ein ikkje gå frå seg når ein er låk i kne og hofte, så eg blei med som eg gjekk og stod. Ikkje pynta,for å seie det slik. Vi vart sittande alle tre på rommet til Nils og såg den spennande innspurten på 3-mila.
Ei stund etter at Øystein var reist, kom det ein pleiar og sa ifrå at det var "Pårørande-fest"i kafeen. Der var  kaker og kaffi å få   -gratis til bebuarane, men dei pårørande måtte betale.
Vi var heldige å kom på eit bord der ei klassevenninne til Solveig sat i lag med mora og broren sin. Broren var lærar i Måløy. Mora var klar i toppen, men kjende ikkje att meg. Då måtte eg minne henne på første gongen vi møttest. Det var om bord i "Sunnfjord", den tida vi budde på Raudeberg;eg skulle til Måløy, og ho til Bergen. Vi kom i prat på den turen, og seinare møttest vi att her i Ørsta, då eg fekk eine dottera hennar som elev. Dei selde lodd og Nils vann den første gevinsten-eit fleeceteppe.
Det var trekkspelmusikk og allsong, og mange gode kaker. Det er "Pårørandegruppa" som styrer med desse tilstellingane ein gong i månaden.
Det vart til at eg gjekk heim att i 18-tida, mens det var lyst, var redd det skulle fryse på og bli glatt når sola gjekk ned. Den frykta var heilt ugrunna, for vegane var tørre og fine.
Det er snakk om at Nils skal få kome heim over helga.


2 kommentarer:

Olaug OT sa...

Håper du har smakt på kanelbollane :-) Kjekt å vere i Ørsta med deg i går. -Olaug O.T

Besta sa...

Eg har ete kanelbollar både i går og i dag. Tusen takk! Dei var veldig gode.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...