fredag, mars 03, 2017

Dagbok 2017: 3.mars



Klokka er 19.40, temperaturen er minus 1 grad og det har vore ein fin dag med sol frå nesten heilt klar himmel.
Eg sov lenge i dag tidleg, og det gjorde godt. Har vore litt stressa siste dagane.
Har eigentleg gjort lite og ingenting i dag, sette på ei vaskemaskin, og så farga eg håret mitt. Resten av føremiddagen og enda lenger vart eg sittande ved datamaskina. Fekk to bøker frå biblioteket som eg rippa over på maskina mens eg las ut den boka eg heldt på med. Det tok si tid, særleg sidan eg måtte rippe den eine boka om att. Ja, og så fekk eg ikkje kopla på laptopen til Nils. Den har vore ein tur på Ørstaheimen og no får eg den ikkje inn att på nettverket her. Alle veit at når ein har trøbbel med data, då går tida.
Solveig og Olaug kom i 16-tida og då for vi på besøk til Nils. Han var ikkje på rommet sitt, men ute og åt middag. Det varte ikkje lenge før han kom.
Etter at vi hadde besøkt han var vi på Amfi, der både Solveig og eg handla mat.
Eg må berre finne noko som eg har lyst på sjølv, slik at eg får i meg mat. Eg er litt slurvete med å ete, og det er ikkje bra. Har hatt nokre "anfall" av svimmelheit som Solveig trur kan kome av lågt blodsukker. Ikkje veit eg. Er plaga med tinnitus også, meir enn på lenge. Men elles har eg det bra.
Nils har det også etter måten bra, og eg slappar av så lenge han får vere på heimen, sjølv om eg saknar han her heime.
No har eg ete godt, og er klar for ein lang TV-kveld. Og Solveig kom meg godt lestegarn, så no gler eg meg til å ta fram pinnar nr.3, likar dei betre enn 2,5.
Men først må eg sjå til klesvasken min. Ønsker alle ei god helg!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...