onsdag, mars 01, 2017

Dagbok 2017: 1.mars

Klokka er snart 14.00, temperaturen er + 5 grader C, det er opplett og litt vind.
Grunnen til at eg skriv så tidleg på dag er at eg vil informere om det vi fekk vite på sjukehuset i dag.
Vi hadde møte med kreftlegen frå Ålesund klokka 10.00. Drosjen henta Nils på sjukeheimen og plukka opp meg på vegen.
Dessverre var det ikkje godt nytt i dag. Tablettane som Nils har ete på siste månadane har ikkje virka i det heile tatt, så dei skal han slutte å ta. Dermed får dei ikkje has på kreften, for cellegift er han ikkje sterk nok til å få. Men han får andre medisinar, så han kan ha det etter måten bra. Eg var budd på at det vart slik, men ein vil vel alltid håpe.
Vi var innom ein sjukepleiar som sett "magesprøyta" som han får kvart halvår. Det vi håper på no er at allmenntilstanden kan bli betre, sidan tablettane han tok hadde diverse biverknader. Vi håper han kan bli så bra at han kan gå med rullator, slik at han kan få vere heime, i alle fall i periodar. Vi blei køyrt i drosje tilbake til Ørstaheimen, der vi fekk lunsj, begge to.
Eg ringde til Marit G. så ho henta meg heim. Måtte ta heim att laptoppen, for no skulle han få romkamerat igjen. Då spørs det om TV-en ryk også? Dei er fortvila på heimen fordi dei ikkje har stor nok kapasitet. Eg tel på knappane om eg skal gå på pensjonistmøte i dag, greier det fint, men så kjem alle og spør etter Nils, det er litt vanskeleg.
................................................................
Det vart til at eg gjekk på pensjonistmøtet. Eg gjekk nedover og haika heim. Det gjekk heilt greitt sjølv om eg nesten sovna ved bordet. Vakna veldig tidleg i dag. Det var betre å komme seg ut blant folk, enn å gå her heime åleine og sjå oppetter veggene.
Og så fekk vi karbonadesmørbrød, det nærmaste eg har vore middag på ei stund.
Då eg kom heim att ringde eg til Nils og fekk vite at dei har fått behalde TV-en på rommet sitt. Den nye romkameraten verkar heilt OK, og han har kona si på eit anna rom så han er mykje hos henne.
Nils åt kvelds då eg prata med han. Til middag hadde han fått torsk med gulrot og potet og det var GODT-sa han. Han hadde hatt besøk av Matias, og ein annan mann som han kjenner. Det er gjerne slik at folk stikk innnom fleire når dei først er på "Heimen". Nils hadde også vore på trim i dag.
Pensjonistmøtet gjekk bra, og i morgon blir det å skrive igjen-eg er vald til sekretær for to nye år. Sant å seie var det ikkje så mange om beinet.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...