torsdag, mars 02, 2017

Dagbok 2017: 2.mars

Klokka er no 18.00. Temperaturen er 0  grader C og det har vore ein strålande dag med sol frå skyfri himmel. Måtte ut på altanen og ta nokre bilde rett etter at sola hadde kome fram.
Men eg hadde anna å gjere, så eg sette meg til PC-en og skreiv referat frå møtet i går. Det går for så vidt greitt, problemet er å få sendt det på ein skapleg måte. Har eit lite problem der. Må nok legge inn Office for å få fullt utbytte av maskina.
Eg var ferdig å skrive i god tid før Einar kom klokka 13. Han tok meg med ut til Ørstaheimen der vi besøkte Nils på det "nye" rommet hans, Solsikke-rommet. Beste rommet han har hatt til denne tid. Han fekk det i "premie" fordi han atter ei natt ikkje fekk sove skikkelig på grunn av ein uroleg romkamerat.
Vi såg skirenn på TV mens vi var der. Einar måtte heim att etter knappe to timar, men eg gav meg til til Nils var ferdig med middagen. Han måtte ut og ete i lag med dei andre i dag. Det var ballj, ikkje det beste han veit, men eg gav beskjed om at han skulle ha sukker til, så då hadde han fått i seg ein ballj og ei potet.
Så skulle eg heim, tenkte eg, så han fekk kvile middag. Eg hadde tenkt å ringe til ein av mine mange vennar, men så hadde eg ikkje mobilen med meg..........Hadde vondt i hofta etter turen i går, men bestemte meg for å gå heim att i finevêret uansett. Og det gjekk bra.Er faktisk betre no enn før eg gjekk.
Det første eg gjorde då eg kom heim var å rette litt i manus før eg sende det til avisa.
Og så vart eg så svolten at eg rett og slett laga meg middag, det har sjeldan hendt i seinare tid. Men eg hadde nokre karbonadar i frysen og ein pose med suppegrønsaker. Med tyttebærsylte til, blei det eit herremåltid.
I morgon kjem Solveig og Olaug jr. innover, så då må eg ha ei handleliste klar, for no begynner det å minke litt i kjøleskapet.
Ser på FB at  Rasmus og fam. er på vinterferie i Sarpsborg-truleg på eit badeland.


Når eg går heim att frå Ørstaheimen, går eg langs Vike-elva. Der er det ingen bilar.


I dag kan vi gratulere Marianne i Innvik med dagen. Lise budde hos oss på Engeset  mens ho venta på fødselen, og det vart Nils som køyrde henne til Volda då tida kom.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...