torsdag, mars 16, 2017

Dagbok 2017: 16.mars

These shoes are made for walking.
HOKA - ikkje billege, men veldig gode.

Klokka er 19.45, temperaturen er + 5 grader C, det regnar og blæs.
I fjor ein gong kjøpte eg eit par rosa joggesko, og dei har eg brukt flittig siste tida, han gått meir enn på mange år. Og eg synest eg er blitt monaleg sprekare. Det er sjølvsagt kjekt, men grunnen til all mosjonen er ikkje fullt så positiv.
I dag før middag ringde Nils, som avtalt, og han kunne fortelle at han hadde hatt ei fryktelig natt med mykje feber og utan medisin. både han og eg visste sjølvsagt at det var eit "eksperiment" frå legane si side. Dei ville prøve å finne ut kvar infeksjonen kom frå-det har dei aldri funne ut før heller. Nils hadde snakka med legen og eg fekk eit kort referat, men legen ville snakke med meg når eg kom bortover.
I dag hadde eg bestemt meg for å ta 12.53-bussen, og eg gjekk nedover i høveleg tid, men så kom Marit og plukka meg opp og køyrde meg til bussen. Det gjer ingen ting å vente i eit buss-skur når ein har lydbok. I dag var det Bergensbussen som kom, det vil seie at ein må byte buss på ferjekaia, eg KAN alt det der no.
Nils var på langt nær så elendig som eg hadde frykta, tvert imot. Han fekk to posar blod intravenøst mens eg var der, og kvikna veldig til.
Til middag var det ballj og det er ikkje noko Nils har lyst på når han ikkje er frisk. Det var ein av pleiarane som kom med maten (liten porsjon)+ ein kaffikopp til meg. Ho beklaga at ikkje eg fekk middag, men det var slik der på huset, sa ho, laga til akkurat. Men Nils ville ikkje ha ball, så då fekk eg hans porsjon. Så laga ho ein stor porsjon suppe til han, med mykje fløte i. Det var den beste suppa han hadde smakt, sa han. Han spør alltid etter suppe, for det er lett å ete. Etterpå tok han seg ein liten lur, og vakna opp kvikkare enn på lenge.
Legen kom og eg fekk informasjon.

Alternativ 1: Det kan vere ein infeksjon i ein hjerteklaff -det skal hjertelegane undersøke i morgon. I så fall kan det behandlast med antibiotika. Og han blir på sjukehuset nokre dagar til.

Alternativ 2: Det er sjølve kreftsjukdommen som skaper infeksjonar, i så fall har dei inga behandling å gi, og då blir han overført til Ørstaheimen i morgon (?) der han blir på meir permanent basis. Legen meinte det var ei påkjenning både for Nils og meg med alle flyttingane.

Eg veit ikkje kva alternativ eg håper på, men eg trur at alt.2 er det mest sannsynlege. Han vil få god pleie på Ørstaheimen, og legen som er der står i kontakt med sjukehuset. Når han vert litt sterkare er det kjekt å ta imot besøk på "heimen". Og det er lettvint for meg å besøke han der.
Mens eg var der kom det ein mann og fiksa TV-en, dei hadde lagt om til eit anna system, så det var berre snø på NRK 1. Då hadde Nils fått i seg alt blodet, og var ganske pigg og kosa seg med hopprenn.
Eg gjekk ned til bussen, og opp att frå rutebilstasjonen og hit. Bra mosjon i dag. Men også i dag vart det ei lita overrasking: Ein runde til flyplassen. Spennande å reise med buss.
PS: No ringde Nils frå sjukehuset og sa at han hadde ete godt til kvelds, og at han hadde LYST på maten. Trur det ekstra blodet gjorde underverker. Takk til givaren, kven det enn måtte vere.

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å høyre at morfar får meir matlyst! Fine sko også :-) -Olaug OT

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...