tirsdag, oktober 04, 2016

Dagbok 2016: 4.oktober

Klokka er snart halv åtte. Temperaturen ute er +8-9 grader C, og dagen har vore like fin som i går.
Vi er litt treige på føremiddagane, for det tek ei tid før Nils er heilt oppe og går. I dag fekk eg vaska og pussa vindua-dei som eg når frå altanen. Der brukar eg mopp til både vasking og skylling, og nal til slutt. Det blir bra nok! Men så såg eg at vindua ikkje var heilt fine på innsida heller, enda det ikkje er lenge sidan eg pussa dei. I dag venta eg til sola hadde gått ned før eg pussa dei om att. Men i morgon når den låge haustsola skin på glasa, veit eg at det kjem fram både det eine og det andre som ikkje er så fint.
Vi var ei tur nedover i dag. Vi kjøpte nye årar til båten, og eg kjøpte svart garn, sidan eit av barnebarna ønska seg tynne,svarte lestar. Eg forstår henne godt. Eg brukar sjølv tynne, svarte strikkasokkar til best om vinteren.
Og så handla vi sjølvsagt mat. Eg leitar med lys og lykte etter noko som Nils har litt lyst på. I dag kjøpte eg m.a. fiskebollar, slik at eg kunne lage ei kraftig fiskesuppe då vi kom heim. Han likar best supper og sause-mat -og ikkje "tørr" mat. Heldigvis har han begynt å drikke kaffi igjen.
Etter fiskesuppa gjekk eg nesten i koma og sovna på solsenga med lydbok på øyret. No er eg snart ferdig med boka mi, har berre ei plate att.
elles har eg gjort ein del vanleg husarbeid. Synest dagane går som ein røyk- og uansett så har eg alltid noko å "gjere".
I morgon er det tur til Åse og så pensjonistmøte, så då er den dagen planlagt.
I kveld har vi hatt underhaldning med å sjå på korleis ei diger bjørk blei profesjonelt demontert og saga ned. Akkurat den bjørka skygde ikkje så mykje for utsikta vår, men eg skulle gjerne hatt ned nokre tre lenger ute i Olavsgata, slik at vi fekk sjå fjorden. Får ikkje lagt bilde inn på bloggen, men de kan sjekke FB.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...