torsdag, september 08, 2016

Dagbok 2016: 8.september.



Klokka er 20.00, temperaturen er + 19 grader C, men tidlegare i dag var det + 24 grader - minst.
Det har vore nydeleg vêr i heile dag, og det var kjekt, ikkje minst for alle som skulle i gravferd. Det vert berre enda tristare om vêret er grått.
Vi hadde heilgardert oss i dag, for det var uvisst kva Nils ville greie, og han er alltid mest uvel før middag. Vi hadde avtalt med Einar om henting og bringing, slik at Nils skulle sleppe å køyre, parkere og gå lange vegar, for vi rekna med at det kom mykje folk, og det gjorde det. Det var veldig kjekt å ha privatsjåfør. Vi hadde lyst å vere med til grava også, men då måtte Nils melde pass. Men eg er no glad for at han fekk vere med i kyrkja i alle fall.
Det vart ei fin gravferd-ikkje minst fordi dei fire barnebarna var så flinke og bidrog med tale, song og musikk. Amanda spela "Tir na noir" på trompet. Eirik song ein song som heiter Jordan (Rival Sons), Lars spela bassgitar til, Erlend trakterte slagverket og så hadde dei med enda to musikarar. Songen var den same som han hadde spelt på skulekonserten før jul i fjor, og den hadde farfaren likt så godt.
Ingeborg hadde skrive ei nydeleg tale, som ho framførte med glans. "Ein farfar i livet skulle alle ha...."  var tema, og ho har verkeleg hatt ein FARFAR i sitt liv. Ikkje alle besteforeldre stiller opp for barnebarna i den grad som Ruth og Harald har gjort. No har Ingeborg halde mange talar før, som medlem i AUF har ho hatt mange oppdrag. Men det er noko anna.
Eg såg at Nils etter kvart ikkje var så bra, så det vart ikkje til at vi for opp på grava. Men viss vêret held seg, og Nils har helse til det, kan vi ta ein tur for oss sjølve før alle dei nydelege kransane og bukettane visnar.
Einar køyrde oss heim, og vi tok oss ein kaffikopp og ei brødskive. Etter at Einar hadde reist, la Nils seg på datarommet for å kvile, eg la meg på altanen med lydbok på solsenga.Det var skikkelig varmt og fint.
No har vi ete middag, det vart Kjell sine fiskekaker i brun saus. Nils har fått det med at han vi ha saus på all mat, så no har Toro fått ein god kunde.

Ingen kommentarer: