fredag, september 09, 2016

Dagbok 2016: 9.september

Klokka er 18.30. Temperaturen er + 18 grader C, det er opplett med gløtt av sol, men det har regna før i dag. Klokka 6.00 i dag tidleg var det ikkje måte på kor det regna. Som de forstår var vi tidleg oppe i dag, til ei forandring. Men ikkje før 7. Derfor vart heile dagen sånn litt på halv åtte.
Nils var så frisk og rask i går kveld at han var heilt i 100-det har han ikkje vore i dag.

Som de ser er plenen grøn og fin, klipte sist mandag, men jammen har den vakse godt denne veka. "Baderingen" er snart usynleg. Lurer litt på om eg skulle varsla avisa om "kornsirkelen" i plenen. Kanskje dei ville konkludert med at ein UFO hadde landa her?


Solveig kom på uventa besøk mens eg sat og skreiv. Ho hadde med både blomster, syltetøy og anna, og fekk med seg frosne plommer og bær ut att. Pluss stolen som Einar skulle ha, den fekk vi ikkje plass til i bilen hans i går.
Ho plukka nokre av desse overmodne blå plommene, men dei var ikkje etande.
Eg har stort sett lata meg i dag. Tok fredagsvasken tidleg på dag, men utsette støvsuginga. Seint på ettermiddagen var vi på nærbutikken og panta flasker og handla. No blir det vel TV resten av kvelden. Ønsker alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...