onsdag, september 07, 2016

Dagbok 2016: 7.september.

Klokka går mot 19.00. Temperaturen er +15 grader, det er overskya, men opplett. Trur ikkje det har regna så mykje i dag, men eg har vore inne for det meste, så sikker er eg ikkje.
Nils var skikkelig elendig i dag tidleg, så han la seg att rett etter frokost og vart liggande utover dagen. No er han oppe og i bra form, men et berre yoghurt, surmelk og knekkebrød etc. Så eg åt resten av middagen frå i går. Kjell kom med ferdiglaga fiskekaker i dag, men dei får vi ta når appetitten kjem att.
Eg er veldig spent på korleis det blir i morgon, kor mykje Nils greier å vere med på. Einar kjem opp til oss, og så får vi sitte på med han om vi vil det, så slepp Nils å køyre. Viss Nils ikkje kan vere med til Volda, kan eg fare i lag med Einar. Og sidan Einar ikkje har noko tidspress på seg blir vi med så lenge Nils orkar. I morgon er det 4 veker sidan vi var på Åse, han var ikkje så mykje betre då, og vart sjølvsagt enda dårlegare etter behandlinga. No håper vi at det snart begynner å gå framover.
Når Nils blir liggande nesten heile dagen, blir eg litt tafatt sjølv også. I dag hadde eg ikkje noko "program", men eg finn alltid skuffer og skap som eg kan rydde og vaske. Men eg skal innrømme at eg har site mykje ved datamaskina i dag.
Når eg sette på maskina for å skrive blogg, var det første eg såg ei melding om at Sigurd Heltne var død. Han var søskenbarnet til Harald. Eg trur det var far til Harald som var onkelen til Sigurd. Eg hadde Sigurd Heltne som praksislærar på lærarskulen. Og så har eg jobba i lag med kona hans i mange år på Velle. Ho var assistent og delvis lærarvikar, særleg i handarbeid. Sigurd har vore sjuk lenge, så det var ikkje uventa at han døydde no.
Det er noko som er annleis enn før og det er at det mykje oftare folk vi kjenner som kjem i dødsannonsene. Det er vel ikkje så rart- vi er ikkje unge lenger.
Eg vonar det blir ei fin gravferd i morgon, sjølv om det sjølvsagt er trist.

1 kommentar:

torbjørn urke sa...

Les bloggen og ynskjer sterkt at Nils snar får att matlysta. - Ser at du/de har tenkt dokke til Volda - gravferda til Harald B. Dit skulle eg og gjerne ha vore, då me er klassekammearatar frå folkehøgskulen 1958-59. Men eg har time i Ålesund hos orotoped, så eg har ikkje høve til å delta. Berre slik at de veit om dette. Helsing Torbjørn U