Klokka er 19.00, temperaturen er + 17 grader C. Akkurat no er det litt vind og opplett, men det er ikkje lenge sidan det pøsregna. Eg likar så godt når det blæs, i alle fall når vinden er mild.
I dag har eg ikkje gjort noko særleg, men eg er glad eg fekk klipt ferdig plenane i går-i dag hadde eg ikkje kunna klipt eit strå. Og er trur ikkje der er fleire plommer vi kan redde no.
Nils er framleis slapp og ikkje i form, men utpå føremiddagen var han såpass at vi kunne ta ein tur til Volda og gjere unna nokre ærend der. Var også innom Amfi og handla litt.
Då vi kom heim laga eg "middag" . I dag vart det greske kjøttbollar frå Coop i saus frå Toro med ris til. Tenkte på det at før åt vi fisk i ei eller anna form dei fleste dagane i veka, no blir det litt meir sære rettar. Nils strevar med å få i seg mat.
Eg la meg på sofaen med ei bok etter middag- og sovna, som vanleg.
Litt seinare ringde ei veninne, og så er denne dagen også gått over i historia.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.juli
Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar