Klokka er 18.45, temperaturen er + 17 grader C og det har vore ein varm og fin dag.
Eg var relativt tidleg oppe og gjorde meg tidleg klar til plenklipping- men det tok si tid før doggen begynte å forsvinne.
Eg klipte opp mot vegen og rundt huset med den elektriske klipparen.
Eg var akkurat ferdig då Bjørneset-ungane kom på besøk. Dei hadde vore i Volda og sett farfaren, og det hadde gått bra. Dei kom for å orientere oss litt om gravferda som blir komande torsdag i Volda.
Håper berre Nils blir nokonlunde i form, så det ikkje blir noko problem for han å møte fram. I dag har han ikkje vore bra. Han låg heile føremiddagen, men kom seg etter kvart ned på legesenteret og fekk tatt dei obligatoriske blodprøvene.
Etter ei kvilepause og oppvarma fskesuppe frå i går, hjelpte Nils meg med å få start på bensinklipparen så eg fekk klipt bio i skråninga. Der er drag på den klipparen, likevel var det veldig tungt i dag, marka er mjuk etter alt regnet; eg kom frå det denne gongen også utan å få hjerteinfarkt, men eg tok ein pause midt i klippen. Fint vart det ikkje, men eg skal sjå om eg får raka litt med tid og stunder. Det var kjekt å få jobbe ute att, etter mykje innesitting. Og der er nok å ta tak i.
No høyrer eg klipparane går rundtom i fleire hagar, ikkje alle har heile dagen på seg.
Det er uvisse meldingar framover, så ein lyt vere om seg så snart det lettar opp.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar