tirsdag, september 27, 2016

Dagbok 2016: 27.september

Klokka er 19.30. Temperaturen ute + 13 grader C og eg trur sommaren er slutt no.
I dag hadde eg planar om å rense heildekkingsteppet på stova, så det vart dagens prosjekt. Det likna litt på plenklipping-eigentleg. Kunne godt ha klipt plen, forresten, men det er for vått i graset.
Eg hadde fram alle møblane i tur og orden, og eg trur teppet vart reint og fint. Men den flekken.......den fekk eg ikkje bort denne gongen heller. No har eg prøvd alt. Då eg hadde berre ei bot att, var det slutt på rensevæska, så vi måtte nedover og kjøpe meir. Det vart også ein liten tur bort på Rystelandet og eit stopp på Kiwi.
Etter at eg hadde rensa siste delen av teppet, laga eg tomatsuppe, med to egg til kvar. Nils skal ete mest mulig proteini form av egg, kjøtt og fisk, men det er ikkje alt han har lyst på, så det er ikkje så enkelt.
Vi får vel seie at han har hatt ein relativt bra dag i dag. I morgon skal han til Volda og få magesprøyte. Det er ein ampull som ligg under huda og tilfører medisin heile tida. Han har ei dame der borte som er flink å sette sprøyta, legane greier det som regel ikkje utan å bryte nåla. Derfor har han denne spesielle avtalen med ei av sjukepleiarane i Volda to gonger i året. Eg veit enno ikkje om eg blir med bortover. Vi har eit anna ærend også, men han greier det kanskje utan meg.
Eg er litt gåen i ryggen i kveld, desse møblane våre som skal flyttast fram og tilbake er ikkje av den lette sorten, men i morgon er eg sikkert i form igjen. Då skal eg rense teppa i gangen og vindfanget, trur eg.
Eg låg ei stund på sofaen og las i ei ny bok, den er ganske kort, og eg veit enno ikkje kva eg synest om den. Tenkte eg kunne strikke litt i kveld, men eg veit ikkje kvar eg har gjort av strikketøyet mitt....
Trur ikkje nokon har stole det. Men først skal eg legge i hop ein klesvask. Tørka i trommelen i dag, orka ikkje å henge opp ute. Elles blir det til at eg ser ein del TV for å vere litt sosial. I kveld skal eg sjå Helene når ho flyttar inn i fengselet. Ho har laga nokre veldig gode og nokså rystande program om andre institusjonar før.

Ingen kommentarer: