mandag, september 26, 2016

Dagbok 2016: 26.september

Klokka er ca. 19.00. Temperaturen er +15-16 grader; det har vore relativt bra vêr i dag også, litt skya, litt sol og litt regn og vind.
I dag var vi tidleg oppe og tok busen frå Ørsta klokka 9. Nils hadde time på sjukehuset kl.10.30, og det skulle vi rekke. Men ikkje alle bussar køyrer til sjukehuset og i dag måtte vi bytte buss på Moa og kom litt for seint til legen (ca.5 min.). Dessverre var det ikkje godt nytt i dag. Etter at Nils hadde fått 3 behandlingar var det stor stas, men så gjekk alle verdiar opp att til eit uønska nivå. No blir det ny tablettkur, med nye, dyre tablettar, og så får vi sjå om det verkar bra. Det er 12 år sidan han fekk diagnosen, og dei fleste åra har han hatt det bra, så no lyt vi ta det som kjem og håpe det beste.
Paradoksalt nok har han vore i betre form i dag enn på lenge. Den første oppgåva er å få opp att vekta til det den var. Det var etter behandling nr.5 han blei så elendig. I dag har han ete bra, til og med drukke kaffi. Og eg var innom apoteket og fekk proteinpulver utan smak som han kan tilsette maten. Det var legen som anbefalte det. Elles har han legetimar både her og der i lang tid framover. Det var dagens rapport frå sjukeheimen. Eg vil berre at alle skal vite at vi ikkje sit her og deppar; då går fint an å både ringe og stikke innom for dei som vil.
Etter at vi kom heim att åt Nils resten av fiskesuppa frå fredag og drakk ein boks vørterøl, før han la seg og sov litt. Eg las ut boka mi, den som eg har skrive om her. Elles har eg ikkje gjort det skapte grann.
Eg har trøbbel med datamaskina, som vanleg, for det halvinstallerte programmet ligg og stenger for mykje anna (slik eg ser det)-så eg må ha hjelp til å av-installere det, eller gjere det ferdig.
I dag skulka eg styremøtet i pensjonistlaget for første gong-trur eg. Neste veke skal vi markere den internasjonale eldredagen, men då tek kommunen og Eldrerådet det meste av ansvaret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...