søndag, september 25, 2016

Dagbok 2016: 25.september


Mobilbilde. Den rosa spireabusker blomstrar endelig.


Klokka er ca 18.30, temperaturen er no + 21 grader, tidlegare i dag var den oppe i ca +25 grader C. Det har vore lettskya og litt vind, så det er ikkje noko å seie på vêret. Berre synd at vi ikkje kan nyte det slik vi gjerne ville. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen, og Nils har ikkje vore så langt ein gong. Forma er ikkje betre enn den har vore. I morgon skal vi til Åse, då tek vi buss. Det er no ingen lysttur, men meir spennande enn det som godt er.
Nils låg det meste av føremiddagen, eg gjorde litt husarbeid, rydda, vatna blomster etc. Og så laga eg middag som vi åt så tidleg som klokka 15.30. I dag var det spekesild med poteter og kålstuing. Nils åt nesten like mykje som eg. Eg måtte legge meg på altanen med lydboka og kvile etter måltidet-eg er ikkje vant til så mykje mat eg heller no for tida. Eg sovna på solsenga. Sola skin framleis, men no er der skygge på altanen på grunn av store tre i nabolaget. Nils har funne seg ein fotballkamp i dag også, og det er heilt greitt, berre han greier å vere oppe. Han klarer som regel å sitte oppe om kveldane.
No skal eg tømme oppvaskmaskina og så må eg gjere alt klart til morgondagen, vi må tidleg opp då.
Det har vore mange fine dagar denne sommaren og hausten, og eg er litt misunneleg på alle dei som har fått farta på ute. Eg har vore mykje ute i hagen; det er også betre enn å måtte vere inne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...