lørdag, september 24, 2016

Dagbok 2016: 24.september


Klokka er snart 19.00, temperaturen ute er + 17,5 grader, det er overskya og det blæs litt. Det er varm og deilig vind, slik som eg likar. "Eg likar blæs", sa Ingeborg då ho var lita- og det gjer eg også.
Her har det vore om lag som vanleg i dag, etter den nokså dramatiske kvelden i går. Nils sov til klokka var 10; eg vakna før, men låg og las til han vakna. Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Har rydda litt i huset, jobba med eit dataproblem-utan resultat- og lese litt i boka mi.
Nils låg det meste av føremiddagen og vel så det. No er han oppe.
Eg ville ut ein tur og fann ut at eg kunne gå ned på Kiwi og handle, og så kunne eg ringe til Nils når eg var ferdig, og slik blei det. Det er eit stadig problem at Nils ikkje har lyst på mat, men i dag kunne han tenke seg spekesild. Det kjøpte eg, men så kjøpte eg også eit beger med fiskebollar frå Volda fiskemat. Trur det må vere fleire tiår sida sist. Så fekk han velje mellom spekesild og fiskesuppe. Sidan det leid så langt på dag valde han suppe. Så kan vi ete silda i morgon, litt tidlegare på dag, for det blir ein del drikking etterpå. Kjøpte også litt druer og anna som kanskje fell i smak. No har eg sjølv ete to store tallerkar med suppe, men så hadde eg ikkje smakt mat sidan frokost.
I kveld ser eg fram til "Stjernekamp", sjølv om ikkje hip-hop er min favorittsjanger. "Skal vi danse" tek eg opp og ser på hurtig-spoling.
Eg håper sjøfararane har det bra i dag, at dei ikkje vart skræmt frå å fiske i all framtid. Det er litt av ein overgang om hausten;  når ein går tilbake til normaltid vert det enda mørkare tidleg på kveld. Dessverre er sommaren forbi.
Sidan eg gløymde det i går får eg ønske alle god helg, det er no litt att av helga enno.
Ikkje berre har eg problem med datamaskina for tida, eg får heller ikkje til å overføre bilde frå kamera til data. Derfor juksar eg litt i dag og legg inn bilde av minstemann på Kongsberg , som har slått seg på fotball. (Det er eigentleg Rasmus sitt bilde.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...