Klokka er snart 20.00, temperaturen ute er berre + 12 grader C, men det er meldt varmare vêr i morgon. Vi er bortskjemt med behagelege temperaturar no. Nokre regnbyger har det vore i dag, men også små glimt av sol.
Denne dagen har vore ein skikkeleg sosedag. Eg har ikkje gjort noko som helst føler eg på. Men slike dagar har vel dei fleste.
Nils skulle nedover å ta blodprøver i dag, og han insisterte på å køyre sjølv. Men eg fekk lov å vere med. Etter eit par tablettar etc. var han i form til å fare, og blodprøvene kom i boks. Etterpå var vi bortom biblioteket; eg leverte to bøker og fekk to andre att.
Då vi kom heim sette eg meg til å rippe bøker, mens eg strikka og høyrde lydbok på samme tid. Nils sovna på dagsenga og sov minst ein time.
Eg går elles til og frå med tablettar, vatn og diverse anna. No mot kveld kviknar han til litt. Eg kokte litt tyntflytande rømmegraut som han fekk i seg. Elles har vi ikkje ete skikkeleg middag sidan førre laurdagen.
Birte og Håkon kom innom og fekk nøkkel til hamna. Dei fekk instuksar om starting av motor m.m. og tilbod om å ringe om dei fekk problem. Og det fekk dei. I skrivande stund ligg dei med motorstopp, og må truleg ro til lands. Nils snakkar med dei i telefonen og gir gode råd. No skal han visst kontakte folk der ute. Det er ingen ting som står på, men eg trur her sit ein som kunne tenkt seg å vore litt nærmare.
No har Nils fått tak i ein som skal "berge" dei, dei har brote eine åra.
PS:
Eg får legge til at ungdommane vart berga til slutt, det var Røde kors som fann dei, og så fekk dei sjølve i gang motoren og kom seg inn i hamna på Rjåneset. Solveig og Øystein var også ute og leita-frå land og til slutt hamna alle her i Starevegen. Eg vart litt redd etter kvart som mørket seig på; dei hadde ikkje lommelykt og ikkje meir straum på mobilane.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar