torsdag, september 15, 2016

Dagbok 2016: 15.september


Klokka har passert 18.30. Temperaturen ute er + 21,5 grader C, max temp i dag ca +25 grader. Så her er det altså full sommar, og det er berre heilt nydelig.
I dag før middag var eg altså i gravferd i Ørstakyrkja. Det var mange som kjende Sigurd Heltne. Han var fødd i Volda og gifta seg med ei Ørstajente. Denne jenta er no i 80-årsalderen.Sigurd var øvingslærar på Øyra skule den tida eg gjekk på lærarskulen, og vi hadde timar i klassen hans. Kona, Oddrun, har eg jobba i lag med i mange år på Velle,  det har eg fortalt før. Eg trefte også på ein gjeng frå Bjørneset; faren til Harald var onkelen til Sigurd., så dei to søskenborna døydde med ei vekes mellomrom.  Kyrkja var fullsett og "come-back-prest" Matias forretta. Ragnhild henta og bringa meg, så Nils slapp å vere sjåfør i dag.
Men då eg kom heim att kunne han fortelje at han hadde hatt besøk av ein nabo som trengde skyss på torget for å kjøpe poteter, så han hadde hatt seg ein tur.
I dag hadde Nils lyst på spekesild, og det hadde vi kjøpt i går. Det vart til at eg laga middag i skikkelig tid, spekesild med poteter og kålstuing er ikkje å forakte. Eg vart så stappmett at eg måtte legge meg ut på altanen med lydboka mi etter at eg hadde fått på oppvaskmaskina. Eg sovna sjølvsagt, og då eg kom inn att kunne Nils fortelje at han hadde hatt besøk av Arne Ola, og dei hadde sjølvsagt diskutert fiskeri.
Eg er så glad for kvar finevêrsdag då ein kan vere ute, hausten og vinteren kan berre vente!
Nils har, som de forstår, hatt ein bra dag i dag. Eg har ikkje "gjort" så mykje, men no skal eg i alle fall tømme oppvaskmaskina. Viss det blir fint i morgon, har eg diverse hagearbeid som ventar. Men ikkje meir plenklipp denne veka.

1 kommentar:

solveig sa...

Vi får håpe på mange gode dagar!