onsdag, september 14, 2016

Dagbok 2016: 14.september

Klokka er 20.30, temperaturen er + 15 grader og i dag har det vore ein grå dag med skodde og regn. Heldigvis er det meldt fint vêr i morgon.
Vi har lenge vore plaga av telefonoppringingar frå eit langt og ukjent nummer, og når Nils tek telefonen er det berre nokon som bablar "utanlandsk" I dag ringde telefonen før vi var oppe, og Nils bykste fram i ein viss fart.(Eg høyrer sjeldan telefonen -verken når eg søv eller er vaken). Det kan hende at denne brutale starten på dagen var ein av grunnane til at Nils fekk ein dårleg dag. Han måtte legge seg att rett etter frokost.
Det einaste vi hadde på programmet i dag, var at vi skulle på Amfi og handle. Men klokka vart både 14 og meir før vi kunne fare. Eg blei stort sett gåande å pusle "på vent".
Men eg hadde skrive ei lang hugseliste, og øvst oppe stod det "kontantkort til mobil". Då vi kom heim, oppdaga eg at vi hadde fått med oss alt vi skulle ha, med unntak av kontantkortet.
Sidan eg ikkje hadde tatt av meg verken klede eller sko, gjekk eg like godt ned på Kiwi og opp att. På føtene. Det er veldig lenge sidan eg har gått tur på vegane, og eg kjende det i hofta nesten med det same eg tok laust. Men det gjekk bra. Merkeleg at eg reagerer på det å gå på vegen, men kan streife rundt på tomta i timesvis, med og utan grasklippar utan å kjenne noko vondt.
Elles åt Nils opp middagsrestar frå i går, og eg spedde på med litt meir restar frå frysaren, så det vart "middagen " i dag. Eg kjøpte vitamintablettar på apoteket i dag, for kosthaldet vårt er dårleg for tida. Vi som brukte å ete fisk, poteter og gulrot 4-5 dagar i veka !Og levde veldig sunt-i alle fall i matvegen.
Veninna mi ringde i dag igjen; ho hentar meg 10.15 i morgon, då skal vi i gravferd. Då må eg sette på vekkarklokka i kveld. Vi er ein gjeng damer frå Velle skule som held saman enno, dvs. vi treffast no og då. Den eine miste mannen sin no. Har var for øvrig søskenbarnet til Harald, på far-sida.
Eg held på med ei bok som liksom aldri tek av og aldri tek slutt, så det er ikkje så mykje eg les for tida. Boka til Øystein las eg på ein dag !

Ingen kommentarer: