tirsdag, september 13, 2016

Dagbok 2016: 13.september

Klokka er ca 20.30. Temperaturen ute er + 21 grader C, max temp i dag var +26 grader. Det har vor lettskya og deilig vêr.
Som før sagt er vi ikkje av dei som legg oss tidleg og står tidleg opp, men i dag sov vi enda lenger enn vanleg. Det er nesten flaut !
I dag var eg bestemt på å klippe resten av plenane-eg rakk ikkje så langt i går- for no er det visst meldt regn i morgon. Så snart eg var ferdig med frokost og morgonstell gjorde eg meg klar til jobben. Kledde på meg som vanleg med tjukke strikkalestar og seilerstøvlar, knevarmar i ull, joggebukse og korterma ulltrøye.
Nils var med meg ut og starta bensinklipparen, så eg fekk klipt bio i skråninga. Resten ordna eg med sjølv. El-klippar og lange skøytelegningar er ikkje så veldig lettvint, så det tek si tid. Då eg var nesten ferdig tok eg ein liten pause inne, for å fylle på med væske, det var ikkje fritt for at sveitten rann-kanskje ikkje så rart sidan gradestokken viste + 26 og eg var godt kledd. Så tok eg av ulltrøya og tok på meg ei vanleg T-skjorte før eg tok innspurten. Var ferdig ca kl.16.00
Då ringde ei veninne. Ho ville hente meg så vi kunne fare i lag i gravferda til mannen til ei anna venninne, det er på torsdag. Eigentleg skulle eg ha vore i to gravferder den dagen, men det blir kanskje litt for mykje ?
I dag ville Nils ha sin spesielle variant av Pasta Carbonara til middag, så då laga eg det. Han greier ikkje å ete så mykje om gongen, det er så uvant, for han brukar oftast å ha veldig god appetitt. Men han drikk styrkedrikkar frå apoteket i tillegg + vørterøl og yoghurt.
Vi hadde tenkt oss nedover og handle i dag, men fann ut at vi kunne utsette det til i morgon. Nils skal bestille noko medisin, og eg må fylle opp matlageret. Det er greitt å ha diverse i huset når ein ikkje kan fare på butikk kvar dag. Skal skrive ei liste.
Det blir mykje plenklipping og lite anna i desse blogginnlegga mine, men no er det minst ei veke til neste klipp, det lovar eg. Men håret mitt treng også klipp, så kanskje eg tek munnen for full.
Nils har hatt ein relativt bra dag, han har stort sett vore oppe, men det er ikkje mykje han orkar å gjere- enno.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...