mandag, september 12, 2016

Dagbok 2016: 12.september

Klokka er 20.30, temperaturen ute er +19 grader C, og det har vore ein nydelig dag. Litt skyer først på dagen, seinare meir sol- og varmt.
I går var Nils oppegåande og frisk til utpå kvelden, då var han ikkje fullt så bra. I dag var han som vanleg, dvs. han gjekk og la seg att etter frokost. Då såg eg mitt snitt til å støvsuge alle teppegolva, noko som blei forsømt før helga.
Eigentleg skulle Ingeborg kome ein tur, men det fekk ho ikkje tid til likevel. Ho reiste tilbake til Oslo i dag.
Eg hadde eit prosjekt nede i hagen som eg tenkte å bli ferdig med i dag. Eg utstyrte meg med kompostkvern, klippar ,sakser rive etc.etc. og sette i gang. Eg klipte ned restane av dei store staudene og mol dei opp på kompostkverna, då forvitrar dei fortare i komposten. Dette kjende eg straks at det ikkje var godt for ryggen, men eg gav meg ikkje før eg var ferdig. Så klipte eg med den elektriske klipparen heilt nedstilt der plantane hadde stått, og i dag var det skikkelig tungt. Der er mykje mjuk mose i området, og det har vore mykje nedbør i det siste-  say no more. Resten av skråninga må eg ta att i morgon-om helsa held.
Eg kom inn att til Nils, og sveitten ratt i stride straumar- og eg er ikkje den som har lett for å sveitte.
Då det verste hadde gitt seg, kunne eg gå i dusjen.
Etter at vi hadde ete litt, var eg ut og rydda opp , og tok inn klesvasken eg hengde ut i dag tidleg.
I dag føler eg at eg har gjort nytte for meg, etter å ha sløva meir og mindre i fleire dagar.
Ingen må synest synd i meg om eg har ein litt slitsom dag, for dette er noko eg vil. Eg vil ha mosjonen og "treninga"- og så likar eg å styre på ute. Den dagen eg treng hjelp, skal eg seie ifrå. No har eg slappa av på sofaen med lydbok, mens Nils har sett fotball på TV. Han er kvikkast om kvelden. Derfor legg vi oss seint, og står opp seint. Det passar meg bra. Nils sat ute ei stund i dag, og naboane kom bort og prata med oss. Det var koselig. Elles har vi hatt mykje besøk av barn og barnebarn i det siste, så vi er ikkje einsame.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg har fått eit par slike svindlartelefonar. Sist svara eg berre yes and no eit par minutt og lest som eg gjorde det som dei sa eg skulle med datamaskina, og så sa eg "I need to speak Norwegian" Då fekk eg ei ny stemme, som også snakka engelsk. Samtalen vart på over fire minutt. Dei la på då eg la om til meir perfekt engelsk og sa at eg hadde lese åtvaringar om dei på facebook.