søndag, september 11, 2016

Dagbok 2016: 11.september

Klokka er 19.50, temperaturen er + 14 grader C og i dag har det vore bygevêr. Best som sola skein, kom det ganske kraftige regnbyger, men i morgon er det meldt sol-i alle fall på PC-en min.
Det mest positive i dag er at Nils har vore relativt bra og vore oppe heile dagen. Men vi har halde oss inne og heime, kan ikkje utfordre skjebnen heller.
Eg har styrt med litt av kvart i huset, fekk endeleg pussa litt kopar og messing, noko som skulle vore gjort for lenge sidan. Ikkje noko arbeid som eg likar, men det er no eigentleg fort gjort, særleg når ein ikkje tek med alt....
Noko særleg matlaging har det ikkje blitt, i alle fall ikkje enno, men kvelden er enno ung. Brått kan vi få lyst på eitt eller anna, og her i huset er det ingen faste rutinar.
I dag e.m. ringde Rasmus og prata både med Nils og meg- elles går det mykje i meldingar på Face.
No ser Nils sport på TV 2, men snart skal vi over på STAS-kanalen og sjå Quiz- Dan og ikkje minst "Beatles". Heldigvis er det lenge sidan eg las boka, så eg slepp å henge meg opp i ting som er "feil" i forhold til den. Viss serien er like god som "Halvbroren" blir det ei oppleving for livet. Lars Saabye Christensen er ein av favorittforfattarane mine.
I dag har eg ikkje lese mykje, men har høyrt litt på "Bavaria",  skrive av samme forfattaren som har skapt "Downton Abbey" og er litt i samme stilen. La meg seie det slik at sjangeren passar betre for TV enn for lydbok.

Ingen kommentarer: