lørdag, september 10, 2016

Dagbok 2016: 10.september

Klokka er 23.00. Temperaturen er + 13 grader. Det har vore ein fin dag, sjølv om det var litt regn på føremiddagen. Eg har hatt søndagskjensle i heile dag, sikkert fordi eg ikkje har gjort det skapte grann.
Nils låg mykje av føremiddagen og enda lenger. Eg hadde i grunnen litt av kvart eg kunne ha gjort, men valde å lese heile boka til Øystein, den Solveig kom med i går.  Den var på berre 100 sider, så det tok ikkje så lang tid. Mesteparten av tida sat eg på altanen og las. Eg greidde rett og slett ikkje å legge den frå meg.
Veninna mi i Bergen ringde på føremiddagen, og vi hadde ein koselig prat.
Margrete og ungane skulle ete pizza i Volda klokka 15, og vi var velkomne til å vere i lag, men Nils var ikkje i form til det, så vi blei heime. I staden bad eg dei om å komme hit etter at dei hadde vore på restauranten, og på gravplassen. Så fekk dei kaffi og is her. Då leid det såpass langt på dag at Nils hadde livna til. Kusina mi ringde mens dei var her, men vi fekk no prata litt likevel.
Vi føler at mange har omtanke for oss i denne tida, og mange spør om det er noko vi treng hjelp til. Heldigvis greier vi oss bra sjølve, men treng vi hjelp til noko, har vi mange vi kan spørje.
Etter at Margrete og ungane hadde reist, fekk Nils lyst på mat, og då laga eg Taco, det er det han har lyst på, stort sett, men etter kvart må vel matlysta kome tilbake?
No har vi site og sett TV i timesvis. Fredag og laurdag er det alltid mykje å sjå-mindre i veka.
I dag fyller Leon Roald, sonen til Anne Marie, 60 år. Litt rart å vere tante til ein 60-åring. Nils ringde og gratulerte han med dagen.

Ingen kommentarer: