onsdag, august 03, 2016

Dagbok 2016: 3.august

Klokka er 20.15, temperaturen ute er + 19 grader. I dag har det vore lettskya, mykje sol og ganske varmt innimellom. Særleg for dei som klipper plen.
I dag var eg bestemt på å klippe alle plenane, og eg starta med dei to små bøtene opp mot vegen. Så klipte eg plenane rundt huset, og var i grunnen ganske sliten. Men eg fekk likevel Nils til å starte opp bensinmotoren, slik at eg skulle få klippe bio i skråninga. Då gjekk han inn att for å kvile, så eg kunne ikkje stoppe klipparen og ta pause, for eg greier ikkje å starte den att. Men eg kom i mål !
Det er første gong eg har kjent at blodtrykket har stige under klipping og eg sveitta så det rann. Etter å ha kledd litt av meg, drukke ein liter brus og lege på sofaen med ein kald klut på panne, var eg heilt fin igjen. Men eg ser i ettertid at det hadde vore lurt å ta ein pause undervegs.
No har Nils gjødsla med kalksalpeter i skråninga for å få bort mosen, for det er den som gjer det så tungt å klippe.
Eg la meg ut på altanen for å lese siste novellen i boka mi, og der somna eg tvert.
Etter at boka var ferdiglesen gjekk eg ut og klipte nede på kanten med den elektriske kantklipparen. Den har ikkje vore brukt før i år, fordi vi trudde den var i ustand.
Så gjekk eg inn og laga middag. I dag vart det Toro-gryte med ris, igjen. Det er det Nils helst vil ha.
Så var det tid for nyheiter og "Solgt" og det var den dagen. No blir det nokre dagar til neste klipping, men eg finn nok på noko i mellomtida.
Vi må stort sett halde oss heime og då kan ein like godt gjere noko nyttig, så får dei som er unge og spreke bestige fjell og tindar. Det er ei tid for alt.
I dag er det Solveig og Øystein som har bryllaupsdag. Dei gifta seg i 1985 om eg ikkje hugsar feil.
Første året budde dei i kjellaren her, så flytta dei til Bergen og i 1987 flytta dei til Ulsteinvik. Då var Einar fødd. Ja, det begynner å bli ei stund sidan no.
Vi gratulerer med dagen!