torsdag, august 04, 2016

Dagbok 2016: 4.august.


Klokka har passert 18.30. Temperaturen er + 20 grader C; det er overskya, men då vi stod opp i dag tidleg var himmelen blå.
Det passa veldig bra at veret var så fint, for eg hadde planlagt å kifte på sengane og lufte sengetøyet. Det blei gjort og golvet på soverommet og dei andre golva fekk fredagsvasken sin. Sengetøyet vart vaska og hengt ut- og jammen fekk eg det inn att også. Det var ein vinn-vinn-situasjon.
Elles hadde vi ein liten jobb med å fikse "arret" etter badebassenget i hagen. Det var Nils som klipte kantane og sådde i frø, og eg hjelpte til med å ha not over. Kattane hadde alt begynt å bruke den nye lause jorda til do, og sporvane hadde nok reist med frøa om dei fekk tak i dei.No håper vi berre på at frøa må spire fortast mulig.
Etter ein liten pause åt vi lunsj, og så blei det ein tur på butikken. Nils køyrer, men sit i bilen mens eg handlar. Det går fint. Då vi kom heim vart vi sittande ute på tunet, det er så fin temperatur, og Nils likar seg best utan sol.
Eg er glad for alle dagar som byr på utevêr- inne kan vi vere om vinteren.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...