tirsdag, august 02, 2016

Dagbok 2016: 2.august

Klokka er 18.45, temperaturen + 17 grader og akkurat no skin sola. Viss finevêret held seg blir det kanskje plenslått i morgon? Eg har hatt mange fridagar no.
Var som vanleg seint oppe, så føremiddagen vart ikkje lang, sidan eg hadde avtale med Ragnhild om kafébesøk klokka 12.00
Vi var på Føniks og åt smørbrød. Capuccino til dessert. Etterpå var vi på ein liten butikkrunde, så eg var ikkje heime før i 15-tida. Nils hadde vore ein tur ned på Amfi og prata med folk mens eg var vekke.
Etter ei stund med prat og litt mat kom vi oss ut i hagen der vi fekk nota vekk frå jordbæra, så no ser det litt ryddigare ut. Rydda og pusla litt sidan eg først var ute, men noko storarbeid vart det ikkje.
Det har ikkje hendt så mykje meir i dag, men det var kjekt å komme seg litt ut blant folk og få høyre litt nytt. No har eg både bøker og strikketøy, så eg har nok å styre med-viss eg vil. Fann enda ei bok i nettet mitt, men det var også radioteater, så det trur eg ikkje eg kjem til å høyre på.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...