mandag, juli 18, 2016
Dagbok 2016: 18.juli
Klokka er 19.30. Temperaturen er + 20 grader C, sommaren er her igjen og sola skin.
Vi er nettopp komne i hus etter at vi på skift har klipt alt vi har av plenar. Vi brukte den bensindrivne, så her er ikkje så snaubarbert som når eg klipper elektrisk. Nede i skråninga klipte vi bio, elles brukte vi oppsamlar. Det var over ei veke sidan sist vi klipte og det har vore godt vokstervêr, så det var mykje gras i dag. Nils er ikkje så sprek først på dagen, men han kjem seg år han har fått middag og middagskvil.
Eg sov lite sist natt, somna ikkje før i 5-tida, så vi var ikkje så tidleg oppe akkurat. Etter frokost gjekk eg ned i jordbæråkeren og plukka det som var brukbart, rensa bæra og mosa dei med fruktsukker og frysepulver før eg hadde på glas og fraus. Då følte eg meg ei stund som ei skikkeleg husmor.
Vi tok ein liten tur bort på Plantasjen, dvs. Nils sat i bilen mens eg handla. Kjøpte to St. Pauli til vinduskarmen og litt småtteri. Kika litt på stauder. Heilt vanlege revebjeller, slike som veks i grøftekantane, sel dei til ca 150 kr stk.-eg synest det er heilt hol i haudet.
Matvarer handla eg på Coop i Furene, sidan vi likevel var der borte.
Til middag i dag laga eg Tikka Masala kyllinggryte frå Toro. Det Nils har lyst på er mat med smak på-og saus. I staden for kylling brukte eg kjøttdeig av svin. Kokt ris til.
Etter ein pause sette vi i gang med slåtten. No skal eg berre tømme oppvaskmaskina, så kan eg ta kvelden om eg vil.
Fekk melding frå Rasmus, han campar i Lillesand.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar