tirsdag, juli 19, 2016

Dagbok 2016: 19.juli



Klokka er 17.00, det er + 17 grader C ute akkurat no, og det er overskya, men opplett. For eit par timar sidan gjekk eg ut for å få gjort litt hagearbeid, men måtte gå i hus før eg hadde tenkt fordi det kom ei nokså våt regnbyge. Etter den fine kvelden i går hadde eg forventa full sommar i dag, men no er visst sommarvêret utsett til i morgon. 
Då eg litt seinare gjekk ut for å ta bilde, såg eg ein del ugras som må vekk. Det er mykje ein ser gjennom fotolinsa som ein ikkje legg merke til elles. Om garasjedøra er open til dømes.
Bildet som naboen printa ut er no kome i glas og ramme, reint midlertidig, skal finne meir høveleg ramme seinare. Han har eit fotoredigeringsprogram som han betaler for, så han kan gjere mykje som eg ikkje kan gjere i Picasa. Det er i alle fall eit koseleg bilde å ha og sjå på.
Det har vore ein litt sløv dag i heimen. Nils var i dårleg form frå morgonen av, han tok seg vel litt mykje ut med plenklipping i går. Men jammen var det bra vi fekk gjort det for graset veks! No er han i bra form igjen, og det kan hende vi tek oss ein tur på butikken og pantar flasker og fyller opp containerane med glas og boksar. Vi har litt av eit lager i garasjen !
Til lunsj i dag åt vi resten av gryteretten frå i går, og så hadde eg plukka litt jordbær i dag også. Dei var stort sett både sure og blaute, men kva anna kan ein vente?
Elles har eg strikka og høyrt lydbok. Når Nils blir liggande strak ut, misser eg også piffen, til tross for at eg har mange oppgåver på vent.
Fleire grønfargar saman kan vere veldig fint. Hageeksperten Sissel har veldig sans for ulike grastypar. Men eg synest det går litt for vidt når dei på Plantasjen sel vanleg gras, slikt som ein finn både her og der om ein har augene med seg.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det familiebiletet vart verkeleg fint! Julegavetips? :)

Besta sa...

Då måtte det nok vere på meir glansa papir-men når det kjem GLAS på er også dette bra.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...