onsdag, juli 20, 2016

Dagbok 2016: 20.juli

Ingar har funne seg ei geit.

Klokka nærmar seg 19.00, og temperaturmålaren viser +26 grader C. Det har vore ekstremt varmt i dag, og høg luftfuktigheit gjer at varmen er litt plagsam. Ikkje at eg klagar !
Vi var som vanleg ikkje altfor tidleg oppe, då var det enno vått på asfalten, men etter kvart fekk sola overtaket. Nils var ikkje i form så han låg det meste av føremiddagen. eg prøvde å gjere litt hagearbeid, men de vart ikkje så mykje utav det.
Ei stund låg eg på altanen med lydbok, men måtte gi opp det også. Vi åt litt lunsj, og så vart vi sittande inne ei stund.
Deretter vart det ein biltur til nærmaste igloo med glas og boksar, og til Lefdal med restane av den gamle datamaskina. Då tok vi ein biltur over Hovdeåsen og ned til Hovdevatnet, før vi for heim. Vi har gått mykje tur i dette området, men det var før! Det gler meg å sjå at dei no har begynt å fjerne skogen mellom vegen og vatnet, og snart er heile Ytre-Hovdeåsen snaua. Der ligg store mengder av tømmer og ventar på transport vidare.
No skal vi snart ete middag;  i dag blir det pølser og brød. Vi driv og et av overskotslageret vårt, men appetitten er ikkje så voldsom i varmen. Eg tek gjerne imot fleire slike dagar; det er ikkje farleg å svette.
Rasmus & fam. har vore i dyrehagen i Kr.sand.

1 kommentar:

solveig sa...

Det er artig å sjå han med geita. Eg hugsa det året vi tok gutane med i dyrepark for å sjå alle moglege dyr. dagen etter var vi i eit historieland der det var geiter. Audun forelska seg i ei. Han gjekk og heldt henne rundt halsen ...

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...