onsdag, juni 01, 2016

Dagbok 2016: 1.juni


Og der fann eg att bloggen min, er sjeleglad kvar gong eg finn fram på den nye maskina. Sjølv om eg også på den gamle hadde installert Windows 10, er oppsettet på denne ikkje heilt likt. Det er folk på Lefdal som har klargjort maskina, så det er ikkje sikkert eg finn att alt. Eg presiserte at eg måtte ha Windows media player, men hittil har eg ikkje funne den. Nok om det, det går seg nok til.
Vi har hatt ein travel dag. Før middag var det plenklipping og anna hagearbeid, det blir ikkje så mykje kvar dag, men vi kjem rundt på ein måte.
Det har vore skodde langt nedetter fjellsidene i dag også, og litt regn. Temperaturen no klokka 17.30 er  det +16 grader C.
I går då eg stod og prata med leigebuarane sa eg: Denne våren har vi kjøpt ny vaskemaskin, ny støvsugar og ny datamaskin - skal tru kva det neste blir? Eg slapp å lure lenge, for i dag var kaffitraktaren ute på dato, etter nærmare 30 år. Eg forstår ikkje at den kunne vere så gammal, men mamma arva den vi hadde før.... Vi har kjøpt akkurat same sorten igjen. Vi tek vare på den gamle, så lenge; smådelane kan vi i alle fall få bruk for.
Vi hadde avtale om å hente datamaskina klokka 14 i dag, etter at Nils hadde ringt og spurt. Dermed fann vi ut at vi kunne ete middag på Coop-kafeen i Furene først. Ja, ja, norsk kafemat- say no more. Det var biffgryte med ris og salat.
Så kom vi heim og begynte på monteringa, det gjekk forbausande bra, men skjermen fekk vi ikkje kopla til. Vi tok skjermen med til Lefdal og dei sette på ein annan kabel(300 kr) og så var det i orden. (Må benytte oss av at vi har betalt for 2 år med fri sørvis) Vi har nemleg ein veldig bra skjerm, og om vi skulle kjøpt ein ny tilsvarande, hadde det blitt dyrt.
Apropos økonomi, så fekk vi 2000 kr i forsikringspengar (LO favør) rett inn på kontoen. Det rakk til ny kaffitraktar.
Eg har kopla til skrivaren, men ikkje prøvekøyrt, så no blir det meir spenning her.
Ja, og så må eg få maskina over på nynorsk, så eg slepp å få raude strekar under alle orda. Eg veit korleis eg har gjort alt slikt før, men no er alt nytt og haudet mitt er ikkje heilt på plass det heller.

2 kommentarer:

solveig sa...

Du får berre leike litt med den nye datamaskina. Viss du ikkje finn Media Player, så kan vi sjekke om det er likt vår. Der må eg leite litt, men den er der.

Besta sa...

Eg fann den ! Og brukte den, og no ligg den klar nedst på skjermen-som den gjorde på gamlemaskina.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...