torsdag, juni 02, 2016

Dagbok 2016: 2.juni



Klokka er 19.00, temperaturen er + 20 grader og sola skin. Eg har lege på altanen ei stund, på solseng, med lydbok. Noko hofta mi ikkje set særleg pris på, kjenner eg. Den var ikkje så bra i utgangspunktet heller. Men det meste er ein overgang.
Det var skodde då vi stod opp i dag også, men så forsvann den litt etter litt. I mellomtida fekk eg støvsuga grundig alle teppegolva og gjort diverse anna husarbeid. Måtte prøve meg litt på den nye datamaskina i dag også, så no kan eg i alle fall rippe bøker. Eg var no vand til Windows 10 frå før, men dei har installert ganske annleis, derfor slit eg.
Etter lunsj var eg ute i hagen og jobba litt, klipte med kantklipper blant anna. Men eg får ikkje gjort alt eg har lyst til; så lenge det er flatt kan eg klippe gras, men det går ikkje bra i hallande terreng.
Heldigvis veks ikkje graset så fort heller, sidan vi ikkje har gjødsla. Men no blir det mange dagar med fint og tørt vêr, så då blir det ei råd. Det er mange som vil hjelpe.
Det er mykje som skjer ute i hagen for tida. Tulipanane har for det meste blomstra av, men no er Perlebuska på det aller finaste. Dessverre snur ho den finaste sida nedover-mot naboen.
Fekk ein nydeleg blomst av naboen, den står på eit bord på altanen.
Nils ser fotball på TV-han likar ikkje å vere for mykje ute i sola.
Eg har ei kjensle av at det er fredag i dag-men det er i morgon -då skal eg på kino med "jentene".
Surfina


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...