tirsdag, april 12, 2016

Dagbok 2016: 12.april

Klokka er ca 18.30. Temperaturen er +13 grader og det er lettskya  og fint. Det vart meir sol enn vi forventa i dag. Likevel har vi ikkje vore så mykje ute. Eg hadde frisørtime klokka 11.00-13. Før frisøren fekk eg shina opp kjøkkenet om ikkje anna. Etter frisørtimen var vi ein tur bort på sportsbutikken, der eg kjøpte meg nye joggesko. Ikkje fordi eg har tenkt å jogge, men eg må ha sko som er ekstremt gode å gå i, og som har plass til tjukke lestar. Mange på min alder brukar joggesko til vanleg, dagleg bruk. Dei var ikkje billege for å seie det forsiktig. Eg har brukt ekstremt mykje pengar i det siste.
Middag hadde vi klart, resten av fiskegratengen frå sundag, varma i mikroen. Etterpå somna vi, eg på sofaen, Nils i reclineren. Etter at vi hadde drukke kaffi sette eg i gang klesvask og oppvask.
Som de ser er samanplantinga eg fekk til bursdagen like fin enno. Liljene er avblomstra, men skal plantast ut seinare. Korga eg fekk av Margrete står like fin, men eg tek den inn om natta, for det frys somme netter.
I dag er det 20 år sidan Åse opna frisørsalongen sin, og eg har vore kunde frå dag ein, eller rettare sagt var eg kunde frå salongen der ho jobba før. I anledning dagen fekk eg gave.
Vi fekk oss ei lita stund på altanen før det vart for kaldt.Nils test ut den nye campingsenga.
I dag fyller systra til Nils 81 år.I fjor var vi i Solund og feira henne. Mora hadde bursdag same dagen-ho var fødd i 1909.



4 kommentarer:

solveig sa...

Skoa ser både fine og gode ut!

Besta sa...

Kjem nok til å vekke litt oppsikt med slike sko-men kven bryr seg?

solveig sa...

Ta på deg eit matchande sjal!

Besta sa...

Eg har i grunnen tenk å kjøpe meg ny sommarjakke-men trur ikkje den skal vere SÅ rosa.