mandag, april 11, 2016

Dagbok 2016: 11.april

Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 13 grader C, det er lettskya og fint vêr. Max temp i dag var + 16 grader, men sola har ikkje vore framme anna enn i korte periodar.
Nils skulle på legesenteret og ta diverse prøvar i dag, og eg sette i gang med å støvsuge grundig på stova, det er så kjekt med den nye støvsugaren!
Etterpå skulle vi på ein liten handlerunde. Først på Skeidar der vi skulle ha ein ny taklampe på WC. Vi hadde sett oss ut ein lampe på nettet, og dei hadde lampen, men berre ein og den skulle dei ha til utstilling, så det vart å bestille....... Typisk. Vi ville ha  ei ny solseng, men no er det store terrassemøblement som gjeld, og det vil vi ikkje ha. Så kom eg på at på Coop Byggmix i Volda har dei litt av kvart, så då for vi dit. Og der hadde dei både stolar og senger. Vi kjøpte ei såkalla campingseng og to samanleggbare stolar. Nils har prøvd senga i dag.
Vi var også innom Vegstasjonen i nærleiken av Skeidar. Nils har gått og venta på rekning for årsavgifta på bilen, og no ville han høyre med dei kva det hadde seg at han ikkje hadde fått den. Då fekk han vite at årsavgifta var betalt, dei fann det på nettet. Den var betalt gjennom banken. Nils har ikkje avtalegiro på denne utgifta. Då vi kom heim fann vi ut at pengane hadde gått ut frå min konto på forfallsdagen. Eg har ikkje noka avtale om at eg skal betale avgifta, men det var eg som betalte den over min nettbank i fjor. Kan dei ha gått inn på min konto og tatt ut pengane utan "lov" ? Nils er heilt sikker på at han ikkje har fått giro i år.(Eg er aldri sikker på noko, særleg ikkje når det gjeld pengar).
Så fann vi ut at det var på tide å ete lunsj, så vi gjekk ned mot Kina-restauranten. Der var det nye opningstider: Mandag: Stengt. Ja, ja.
Vi handla litt på Amfi, og då vi kom heim mekka eg i hop ei suppe av diverse som eg fann - såpass det vart middag i ein fart. Så blei det pause på sofaen, kaffi, og ein lien prat med diverse naboar som er ute i hagane sine.
I morgon skal eg til frisør-det trengst, for å seie det pent.

2 kommentarer:

solveig sa...

Uansett godt at avgifta var betalt! Sikkert klekkelege straffegebyr ...

Besta sa...

Ja, det veit vi. Derfor sende vi ein mail til Vegdirektoratet og etterlyste giroen.Har berre fått automatsvar.