Klokka er 18.20, temperaturen + 11 grader C og det har ikkje vore ei sky på himmelen i heile dag. Kom inn att frå altanen klokka 18.00, då hadde eg lege på solseng sidan klokka 14.00, berre med ein halvtimes kaffipause inne. Får no ikkje sola anna enn ansiktet, og med så mange faktorar som det er i ansiktskremen min, blir eg vel ikkje brun uansett.
Det var kjekt å stå opp i dag, veret var fint og Nils var frisk. Eit par-tre dagar utan særleg med mat og kaffi gjer at ein set pris på almenntilstanden.
Seien som Nils fiska, har han ikkje hatt lyst på,steikt, men eg tilbaud meg å lage grateng av den, noko som var populært. Sette i gang rett etter frokost, og fekk den i omnen, der stod den til vi åt ein relativt tidleg middag. Og det smakte utruleg godt. Det er ikkje mykje arbeid å lage grateng når eg har ferdigkokt makaroni i frysaren og Nils kjem med fisken oppskoren i passe store bitar.
Elles fekk eg lagt opp lest nr 2 av den "nye" fargen. Det er best å få gjort i dagslys mens eg ser fargane godt, eg skal jo ha begge lestane heilt like.
Så har eg altså lege på solsenga og lese og sola meg, og sove litt innimellom.
Leigebuarane hadde besøk nede på plenen, men det forstyrra meg ikkje; litauisk er eit språk eg forstår svært lite av. Nils gjekk inn for å sjå fotball, han var redd for å bli solbrend.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar