lørdag, april 09, 2016

Dagbok 2016: 9.april.

Klokka slo nettopp seks slag, det er +11 grader ute og sola skin. Sist natt var det kaldt og det var tjukt rimlag på garasjetaket, heldigvis hadde eg tatt inn korga med stemorsblomster i går kveld.
Vi har hatt eit par trasige dagar sidan NIls har vore ute av form, men no er han snart deg gode gamle igjen. Når HAN misser appetitten er det litt skummelt. No har hansett seg ut i garasjen for å styre med nokre fiskegreier. Eg har nettopp dusja og vaska håret til helga, og så har eg bestilt frisør til tysdag, til og med det ordnar eg på FB.
I dag før middag fekk eg stroke og lagt på plass tøy, og i ettermiddag tok eg inn resten av klesvasken. Den tida eg vaks opp var det ikkje skikk og bruk å ha klesvask hengande ute i helga. Trur ikkje mange bryr seg om det no.
Det vart ikkje tur til Vik i dag heller, men Nils køyrde ned til Kiwi og sat i bilen mens eg handla. Lurte på kva eg skulle finne på for å vekke matlysta hans. Det blei ein liten kald fiskepudding med skagenrøre til - eg fekk lyst på det sjølv, og jammen slo den an hos han også. Det vart lunsjen vår i dag, og noko middag blir det vel ikkje.
Eg hadde meg ei stund med hagearbeid, det var herleg å vere ute i sola om eg ikkje fekk gjort all verda. Viss ikkje noko blir øydelagt av snø og/eller kulde kjem heile plenen snart stå i blomst. Krokusane blomstrar no, scillaen og perleblomstrane står klar. Tulipanane kjem seinare.
Eg har verken strikka eller lese noko særleg i dag, men eg la  no opp ein ny lest i går.
I dag er det 76 år sidan tyskarane hærtok Norge; då var eg nokså nyfødd.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...