fredag, april 08, 2016

Dagbok 2016: 8.april

Klokka er snart 17.00. Temperaturen er + 13,5  grader C, men det er kald vind. Det er meir og mindre skya, men sola er framme av og til.
det har vore ein sløv dag i pensjohuset, Nils har ikkje vore i form, han har vore kvalm og mangla matlyst, men no var han såpass i form at han gjekk ut for å filetere seien han fekk i går. Han kom brått på at fiskegrateng kanskje ville smake. Men då må vi ein liten tur nedom butikken for å kjøpe purre.
Har ikkje vore særleg aktiv i dag, eg heller, men har no hengt ut litt klede og tørka noko i trommelen, og så strikka eg ferdig eit lestepar. Dei to siste lestane strikka eg parallelt, då var eg sikker på å få dei heilt like. No har eg brukt opp mesteparten av dei to buntane med turkis, og så har eg to buntar med klar blåfarge, sjølvsat med striper i andre fargar. Men synest i grunnen at eg må ha ei lita strikkepause no. Kanskje.
I dag fyller svigerinne Mimi 72 år, ho held seg godt, er frisk og rask - så vidt eg veit.
Eg var ute for å ta nokre bilde, det er ikkje så altfor mykje som blomstrar enno, men det er tidleg vår.Har mykje eg skulle ha gjort ute, men det kjem ei og anna regnbyge og øydelegg heile opplegget for meg.
Nede på plenen hadde vi før eit langt rosebed, der vi også hadde løkplantar. Mykje av løkane ligg att i jorda og kjem opp kvar vår. Først ute er krokusane. Den kvite kuleprimulaen har eg fått av ein nabo, det er ein hardfør sort.
Eg vil ønske alle blogglesarane mine ei fin helg. Gjerne med sol.



Ingen kommentarer: