Klokka er 18.00, temperaturen ute er +11 grader C og akkurat no er det opplett. Elles har vi hatt både sol og regn i dag.
Nils og Matias for ein tur på sjøen i dag, det vart ein kort tur, for det bles litt og fisken beit ikkje. Heile fangsten var ein sei som Nils fekk med seg heim. Matias hadde fisk i frysaren.
Mens dei var vekke rydda og vaska eg klesskapa på soverommet. Eg hadde hatt lyst å bytte på sengene og vaske golvet også, men det var ikkje råd å henge ut verken teppe eller dyner, så eg let det vere.
Men etter ei stund skein det opp og eg kunne henge ut både det eine og det andre, så då fekk eg "tatt" det rommet i dag. Vaska gjesterommet også, sidan eg hadde så godt vatn. Eg fekk akkurat inn sengkleda og teppa før det kom ei voldsom regnbyge igjen.
Så vart det klesvask i same slengen. Har hengt opp ei "maskin" og har nummer to på gang.
Elles har eg strikka litt innimellom, og så fekk Nils lyst på blomkålsuppe, så han handla inn og eg kokte. No slappar han av, mens eg skal ha meg ei strikke og lese-stund på rommet mitt. Eg var ikkje så tidleg oppe som han. I morgon er det fredag igjen, synest fredagane kjem veldig ofte for tida.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar