Klokka er snart 20.00, temperaturen er ca +9 grader C og det regnar litt, Før middag var det opplett og eg trudde eg skulle klare å komme meg ut og gjere litt hagearbeid, men slik vart det ikkje.
Nils reiste til Volda før middag for å ta 1/2-års-sprøyta si. Eg nytta høvet til å vaske bad og kjøkken, så no er eg ferdig med "fredagsvasken" for denne gong.
Så hadde eg ein del "kontorarbeid" for pensjonistlagt, som eg fekk unna før middag. Nils fann lange i frysaren, så vi fekk oss ein fiskemiddag.
Sidan eg sov dårleg sist natt blei det pause på sofaen i dag. Eg låg og høyrde på lydboka mi, men fann ut at mykje hadde gått inn eine øyret og ut att det andre, så eg sette meg til å strikke framfor datamaskina mens eg høyrde bok. Held på med lest nr.4 no. Det garnet er så godt å strikke, og så er det litt spenning med å få mønsteret til å stemme.
Neste veke blir det pensjonistmøte, men vi måtte flytte møtet frå onsdag - til fredag den 15. april. Såg i avisa at klassen til Eirik skal ha "12-konsert" i kyrkja komande laurdag - då må vi prøve å stille opp.
Sidan eg ikkje har vore ute for ei dør i dag, har det ikkje skjedd all verda. Og godt er det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar