lørdag, april 02, 2016

Dagbok 2016: 2.april

Klokka er snart halv 9, temperaturen er + 8 grader C, det er overskya med litt regn av og til.
Solveig kom innom på eit liten laurdagskveld-besøk, så det vart litt ekstra kaffi i dag.
Elles har vi vore litt på farten før i dag. Vi var på Felleskjøpet og kjøpte oss ny hagesaks + 2 store pakkar OMO, kvar femte (eller sjette ?) pakke er gratis når ein passar på å fylle opp rabattkortet.Handla med kameraten til Eirik.
Ein liten tut til Volda for å kjøpe lestegarn vart det også. Kika innom Møre konfeksjon etter sommarjakker, men nesten alt er beige eller grått, ev.kvitt. Eg har lyst på ei jakke med skikkeleg farge på !
På Amfi trefte vi Stein Inge, Margunn og Kristine. Det er mykje "utlendingar" på Amfi om laurdagane. Vi handla berre litt mat i dag. Då vi kom heim kokte Nils lange til middag, og så vart det pause på sofaen. Etter pausen sette eg meg inn på datarommet og høyrde lydbok på maskina mens eg strikka. Eg hadde ikkje site der så lenge før Solveig kom; ho hadde vore på Femina og kjøpt seg ein fin topp i blåtomar. Den var ikkje så dyr heller. Vanlegvis er det meste dyrt på den butikken-og så har dei ikkje så mykje som passar til meg.
No blir det vel TV og strikketøy resten av kvelden.
Ønsker alle god helg, det gløymde eg visst i går.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...